– Vinden har snudd

Raudt stør vindkraftmotstandarane som står imot den planlagde raseringa av natur i Noreg. Det var ei stund at det var få røyster som tok til orde mot utbygginga av vindkraft i Noreg. No har vinden snudd og motstanden er høglytt og tydeleg, og den aukar dess meir kunnskap vi får. Det vart til dømes nettopp avslørt i ein ny rapport frå organisasjonen Tax Justice Network, at sju av dei ti største eigarselskapa i vindkraftsektoren i Noreg kan knytast til skatteparadis, anten gjennom eigarskapsstruktur eller finansiering. Dette utgjer heile 42 prosent av vindkraftproduksjonen i Noreg.

Det viktigaste argumentet mot, handlar om konsekvensane for naturen og miljøet. Den planlagde vindkraftutbygginga vert stadig meir miljøskadeleg. Nyleg godkjende NVE i rekordfart at Falck/SFE kan endre turbinar på Stad frå montering i fast fjell til enorme gravitasjonsfundament i betong og armeringsjern. Naturvernforbundet Sogn og Fjordane slår fast at dette vil auke klimautsleppa frå dette prosjektet vesentleg. Denne endringa vart godkjend utan høyring, og grunngjevnaden frå NVE var at dette vert gjort for at utbyggaren skal kunne halde fristane sine. Naturvernforbundet Sogn og Fjordane har varsla at dei kjem til å klage på denne avgjerda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norges Fiskarlag fryktar med rette at utbygging av havvind vi gjere uboteleg skade for fiskerinæringa. Norsk sjømat er ei av dei største og viktigaste næringane vi har. Dei godt utvikla regulerings- og kontrollbestemmelsane gjer dette til ei berekraftig og framtidsretta næring. Norskfanga sjømat kjem til å vere viktig om vi skal klare å få på plass ein auka sjølvbergingsgrad her i landet. Meir kortreist mat vil redusere transportbehovet, noko som òg er naudsynt med tanke på miljøet.

Raudt er eit parti for naturen og for ein berekraftig næringspolitikk og for eit sterkt føre var-prinsipp. Raudt seier difor nei til vindkraft, til lands, i fjæra og til havs.