
- Vil du miste kommunen din?
Valet til hausten vil handle om mykje, men ei sak eg meiner er særleg viktig for alle som bur i vår del av landet – og som Høgre og Frp helst vil unngå å snakke for mykje om – er kommunestruktur og samanslåingar.
Riktig nok seier dei i programma sine at dei ikkje vil bruke tvang. Men kor truverdig er det, når målet framleis er at kommunane skal verte så store at fylkeskommunane vert overflødige?
Tvang treng ikkje alltid vera direkte. Ein kan til dømes pressa fram samanslåingar gjennom å endre inntektssystemet, slik at små kommunar ikkje lenger klarar stå på eigne bein. Eller svekkje kommunane sin rett til å ha inntekter frå eigne naturressursar.
Dette var politikken sist Erna Solberg var statsminister. Då såg vi korleis små kommunar vart svekka gjennom systematiske endringar. Heldigvis fekk me stoppa ho i 2021.
Dei siste åra har Senterpartiet i regjering, med vår eigen fyrstekandidat Erling Sande som kommunalminister, arbeidd for å styrkje levekåra og sjølvråderetten for kommunar i heile landet.
Stortingsvalet i 2025 handlar difor ikkje berre om ideologi og partival. Det handlar om framtida til kommunen din og eit framleis sterkt lokaldemokrati.
David Underdal,
6.-kandidat Sogn og Fjordane Senterparti