
- Vi kjem ingen veg utan veg
Statsbudsjettet veks, medan vegbudsjettet krympar. Kva slags distriktspolitikk er det?
Førre veke var eg med på å kunne vedta oppstart av Atløysambandet i fylkestinget. Etter over 50 års kamp skal endeleg dei 450 fastbuande på Atløy få eit døgnope fastlandssamband. Mesteparten av sambandet blir finansiert med ferjeavløysingsmidlar.
Enkelt forklart: pengar som uansett ville gått til å betale for ferja blir i staden brukte til å betale ned eit lån på brua. Heile ordninga vart faktisk til nettopp på grunn av Atløysambandet. Men mange andre prosjekt kom før i køa. På sikt vil både fylke og stat spare pengar på brubygginga, i tillegg til alle ringverknadane prosjektet fører med seg. Atløysambandet skulle sjølvsagt vore bygd for lenge sidan. I 1990 var prislappen 100 millionar kroner, i dag er den 1,8 milliardar kroner. Det løner seg ikkje å vente.
Det er liten tvil at det har skjedd store framsteg med samferdsla i Sogn og Fjordane dei siste ti-åra. Neste år er det 40 år sidan den tidlegare visepresidenten i USA (!) Walter Mondale opna Fjærlandstunnelen. Innbyggjarane i Fjærland fekk no kontakt med omverda på ein heilt annan måte. Og seinare i år er det 25 år sidan Lærdalstunnelen opna og revolusjonerte samferdsla i Sogn og Fjordane, men og for heile Sør-Noreg.
På fylkesvegnettet har Sogn og Fjordane framleis store uløyste oppgåver. Det gjeld både nye anlegg, rassikring og vedlikehald. Regjeringa har ikkje følgt opp krava frå fylkeskommunen. Ein har likevel makta å starte opp fleire større prosjekt. Fv. 606 Ytre Steinsund i Solund er under bygging, samtidig som både fv. 609 Heilevang og Atløysambandet har fått oppstartsvedtak. I tillegg kjem ei rekkje andre utbetringar. Fylket har prioritert innafor tronge rammer og den svekka økonomiske handlefridomen under denne regjeringa.
For riks- og europavegane i fylket er situasjonen annleis. Regjeringa har større økonomiske musklar enn fylket, men manglar både vilje og evne til å satse på veg.
Dei siste fire åra har det ikkje vorte vedteke eller igangsett eitt einaste nytt prosjekt i Sogn og Fjordane. Det har vore noko vegbygging, men det aller meste har vore ferdigstilling. Eg kan ta lista:
• E39 Bjørset-Skei vart sett i gang og ferdigstilt av Solberg-regjeringa.
• Rv5 Kjøsnestunnelen vart sett i gang av Solberg, ferdigstilt av Støre.
• E39 Myrmel-Lunde sett i gang av Solberg, ferdigstilt av Støre.
• E39 Hafstadfjelltunnelen, Rv. 5 Erdal-Naustdal, Rv 15 Strynefjellet, E16 Hylland-Slæen og Stad skipstunnel inn i NTP under Solberg.
Det som er ekstra provoserande er at i tillegg manglande bygging, har også planlegginga av fleire prosjekt stoppa opp. Også her er lista dyster lesnad:
E39 Hafstadfjelltunnelen
I januar kunne Firda melde at ingen jobbar med Hafstadfjelltunnelen.
E16 Hylland-Slæen
Ventar på pengar i statsbudsjettet. All planlegging er ferdig.
Rv 15 Strynefjellet
Her har det vore ekstremt mykje fram og tilbake. Kort oppsummert er prosjektet skuve ut i tid på grunn av Støre-regjeringa sin ordre om å stoppe planlegging i 2022. Ap og Sp prøvde også å skuve det ut i andre periode i ny NTP, men her overkøyrde heldigvis stortingsfleirtalet dei.
For Rv 5 Erdal-Naustdal og Stad skipstunnel er begge desse prosjekta heldigvis under planlegging. Og sistnemnde er no i innspurten av ein spennande anbodsprosess.
Desverre er det ikkje berre Sogn og Fjordane som har vorte utsett for manglande satsing på samferdsel dei siste åra. Dei reelle løyvingane til veg har gått ned med 2,7 % i snitt sidan 2022. Samtidig har den reelle veksten på statsbudsjettet i gjennomsnitt vore på 1,8 %. Hadde vegbudsjettet hatt den same veksten som resten av statsbudsjettet ville det betydd mange milliardar kroner, i staden har det reelt sett krympa. Det har det mangla vilje og evne til å satse på veg.
Vi må likevel sjå framover. Denne veka er det NATO-toppmøte der medlemslanda ligg an til å forplikte seg til å bruke 5 % av BNP på forsvar. 1,5 % av dette er tenkt at kan mellom anna kan brukast på infrastruktur. Dette vil kunne bety mange milliardar kroner i auka løyvingar til samferdsel. Her må vi følgje med!
Samferdselsprosjekta i Sogn og Fjordane er i realiteten småtteri på både samferdselsbudsjettet og statsbudsjettet. Alle må realiserast raskt. Men like viktig er det at vi er «på høgget» med nye viktige prosjekt. Det verste vi kan gjere er å halde kjeft.
Regionane må snakke saman. Om å auke løyvingane til samferdsel og om vyane framover. Til dømes må Sogn snakke saman om kva som skal vere det neste store prosjektet. Bru Manheller-Fodnes, Sognefjellstunnel eller Vikafjellet? I Nordfjord må dei diskutere om vi kan få oppstart av tunell gjennom Utvikfjellet med bompengar. I Sunnfjord må ein diskutere kva det neste store prosjektet etter Erdal-Naustdal og Hafstadfjelltunnelen skal vere. Resultatet må ikkje bli omkampar og fogderistridar. Og så må faktisk regionane samle seg. For til no har gjennomslaga vore for få. Det kan ikkje halde fram.
Det gamle fylkesleksikonet oppsummerer eigentleg samferdselspolitikken godt i ein tekst om Fjærlandstunnelen: «Vonbrot avløyste optimisme, før ein ny kveik vart tent – og slokna».
Dei neste fire åra må samferdsel få ein heilt annan prioritet. Elles kjem vi ingen veg.
Elias Eide,
3. kandidat for Høgre i Sogn og Fjordane, fylkestingsrepresentant i Vestland