
- Vern gjennom bruk
Gondol til Tverrfjellet er eit av dei viktigaste næringslivs- og reiselivstiltaka i Sunnfjord kommune, og det er ikkje tvil om at dette prosjektet vil skaffe mykje positiv merksemd og mange arbeidsplassar og inntekter for kommunen. Etter mi vurdering er det heller ikkje tvil om gondolplanen i større grad vil styrke enn svekke verneføremålet for nasjonalparken. Planen slik eg ser den, sikrar og regulerer menneskeleg aktivitet på toppunktet på ein svært god måte, og det vert ikkje noko "frislepp" av turistar som nokre er bekymra for. Det er også viktig å hugse på at folk alltid har brukt og hausta av naturen, og dette har for det meste vore til gagn for både menneska og for naturen.
Gondolprosjektet er også planlagt utanfor nasjonalparken, i eit område der det i mange år har vore stor aktivitet. I dette området er eit stort kraftverk med tilhøyrande reguleringsmagasin, og det er bekkeinntak i nærleiken av det tenkte toppunktet for gondolen. Dessutan har Kjøsnesfjorden i lang tid vore sterkt prega av rassikringstiltak for å verne riksveg 5 og busetnad.
Stadig fleire kjem til Norge og Vestland for å oppleve fjordane, fjella og eit vakkert landskap. Både Flåm, Geiranger og Stryn opplever til tider masseturisme med tilhøyrande utfordringar. Gondol på Tverrfjellet vil utvilsamt i større grad bidra til avlasting for turiststraumen enn uheldig konkurranse for desse stadene.
Det er også grunn til å peike på den korte avstanden mellom Skei og Lunde og dermed for startpunktet for gondolen. Nesten alle vegfarande som vil oppleve denne delen av Vestlandet med fjordar og fjell vil passere Skei, så eg kan ikkje tenkje meg ei betre plassering av ein gondol som skal gi folk ei nær oppleving av Jostedalsbreen.
Vi har mange natur- og kulturskattar som er verna gjennom Riksantikvaren sine krav, og i dei aller fleste høve er det snakk om vern gjennom forsvarleg bruk. Jostedalsbreen, som er vår store natur- og kulturskatt, bør også sikrast ved at både nålevande og nye generasjonar kan få oppleve den på nært hald og ved forsvarleg bruk.
Pål Befring