
Verdiskaping frå fjord til fjell – heile landet må med
Vestlandet er ei kraftmaskin for verdiskaping i Noreg. Her finst fiskeri og havbruk ytst mot storhavet, verdsleiande industribedrifter i fjordbygdene, reiseliv som tek pusten frå folk, og jordbruk som held oppe matproduksjon i bratte bakkar og frodige dalar. Ressursane ligg der dei ligg – dei kan ikkje flyttast til Oslo eller sentraliserast til større byar.
Verdiane i Noreg blir skapte i verkstadhallane i industribygdene, på fiskebåtane i stormkast og på gardane der folk har teke vare på jorda i generasjonar. Skal dette halde fram, må vi sikre grunnleggande tenester som skule, sjukehus og politi der folk bur, og gje næringslivet trygge, føreseielege rammevilkår.
Kampen om folk – kampen om framtida
Ei av dei største utfordringane på Vestlandet er å rekruttere folk til viktige yrke. Enten det gjeld sjukepleiarar, lærarar eller fagfolk i industrien, er konkurransen hard. Difor har Senterpartiet fått gjennom halverte barnehageprisar, reduserte reisekostnader og studielånslette for dei som flyttar til distrikta der utfordringa er aller størst.
Vi vil gå lenger: gratis hurtigbåt for fastbuande, fleire statlege arbeidsplassar utanfor Oslo, og ein desentralisert skulestruktur som gjer at utdanningstilbod vert tilpassa behova i lokalt næringsliv – frå grunnskule til høgskule.
Styrka lokal eigarskap
Små og mellomstore verksemder med lokale eigarar står for mykje av verdiskapinga. Dei må få betre vilkår: lågare formuesskatt for eigarar av små og mellomstore bedrifter, betre velferdsordningar for sjølvstendig næringsdrivande og lettare tilgang på startkapital.
Vi må sikre låge og stabile straumprisar – krafta skal brukast til å skape arbeidsplassar lokalt, ikkje berre seljast ut.
Kortare avstandar – betre samband
Avstandsulemper gjer konkurransen tøffare for vestlandsbedrifter. Vi har fått gjennomslag for gratis ferjer og halverte flyprisar på korte innanlandsruter. No vil vi vidare: fleire gratisferjer, løft for fylkesvegane og full breibanddekning. Når mobildekninga sviktar, tapar næringslivet.
Senterpartiet går og til val på ei kraftig auke i løyvingane til vedlikehald og rassikring av fylkesvegar og eit eige program for å fjerne flaskehalsar som hindrar effektiv varetransport og svekkar konkurransekrafta til lokalt næringsliv.
Kommunalt sjølvstyre framfor statleg overstyring
Vestlandskommunane kjenner best korleis areal og ressursar skal brukast. Når statlege motsegn og byråkrati stoppar prosjekt som kan skape arbeidsplassar, mistar vi tid og moglegheiter. Vi vil gje kommunane større råderett – staten skal vere medspelar, ikkje bremsekloss.
Noreg er bygd på at vi nyttar ressursane klokt – frå fjord til fjell. Med nasjonal kontroll og ein aktiv nærings- og distriktspolitikk kan vi halde fram å skape verdiar som kjem heile landet til gode.
Erling Sande, 1. kandidat til Stortinget for Senterpartiet i Sogn og Fjordane
Lars Fjeldstad, 2. kandidat til Stortinget for Senterpartiet i Hordaland