
- Tryggleik for mat i urolege tider
Mens verda er prega av krig, konflikt, uro og klimaendringar, fører Høgre og Framstegspartiet ein politikk som vil gjere at meir av maten vår skal importerast frå utlandet. Senterpartiet vil arbeide for at Noreg skal ha meir sjølvforsyning. Vi må sikre det norske folk tilgang på mat også om store kriser rammar oss.
Sist dei sat med makt og fleirtal på Stortinget, brukte Høgre og Frp kvart einaste år på å drive systematisk nedbygging av det norske landbruket med sentralisering, kutt i landbruksoverføringar og ein politikk som favoriserer stordrift og import. Resultatet var dårlege økonomiske rammevilkår for bonden og ein politikk som gjer oss meir avhengige av utanlandsk mat. Ei synleg svekking av beredskapen vår.
Når inntektene til bonden ikkje er til å leve av, og når politikken favoriserer billig import framfor norsk kvalitet, seier det seg sjølv at rekrutteringa til næringa stoppar opp. Dette er ikkje berre eit angrep på distrikta – det er eit angrep på heile Noregs evne til å brødfø seg sjølv.
Sjølv om verda har endra seg dramatisk - løftar Høgre og FrP fram dei same løysingane for landbrukspolitikken no som dei gjorde før pandemien. Det er milliardkutt i overføringane til jordbruket, frihandel og svekka tollvern – samtidig som dei vil ha auka avgifter på kjøt og mjølkekartongar.
Senterpartiet meiner at mat er meir enn ei handelsvare. Mat er beredskap og tryggleik. Difor kjempar vi for eit landbruk i heile landet, for levande bygder og for trygg, norskprodusert mat på bordet.
Senterpartiet har arbeidd for at inntektene i landbruket skal vere på linje med andre grupper i samfunnet, ei betring av velferdsordningane, styrka vern om matjord og sterkare tollvern.
Vi meiner at det beste for Noreg er ein politikk som set tryggleiken til den norske befolkninga først – ikkje marknadskreftene. Vi treng investeringar også i små og mellomstore bruk, inntektsmoglegheiter slik at det lønner seg for bonden å produsere mat og vi treng ein politikk for å ta heile landet i bruk.
I landbrukspolitikken er det store skilnader, den viser om partia berre vil prate om beredskap eller har vilje til å styrke den.
Erling Sande,
leiar av næringskomiteen og stortingsrepresentant for Senterpartiet