– Tannbehandling til alle, uavhengig av lommebok!

I 2018 sa ein av tre at dei ikkje gjekk til tannlege på grunn av dårleg økonomi. Det er heilt openbart at tannbehandling no må bli likestilt med andre helsetenester. Difor går SV til val på ny tannhelsereform der det ikkje skal koste meir å gå til tannlegen enn til lege.

SV har i fleire år vore det einaste partiet som har jobba for ei ny tannhelsereform. No er MDG og Raudt med, og Arbeidarpartiet bevegar seg i rett retning. Vi må få på plass full gjennomgang av tannhelselova, innføre naudsynte refusjonsordningar og regulerte prisar. På sikt er målet at ingen skal betale meir for tannbehandling enn tilsvarande eigendel i helsevesenet. Tannhelse er også helse!

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny tannhelsereform er fullt mogeleg å realisere. Difor har SV laga ein plan for gjennomføring som strekkjer seg over to stortingsperiodar:

1. Styrke ordninga for tortur- og overgrepsutsette.

2. Reversere kutta i tannregulering for barn.

3. Få på plass att gratis sjekk av tannhelse for eldre som Høgre-regjeringa fjerna.

4. Trappe opp gratis tannbehandling til unge vaksne.

Dette betyr at vi no kan vere med på ei historisk endring ved å byggje ut velferdsstaten med tannbehandling for alle.

SV vil prioritere å bygge ut det offentlege tilbodet. I dag er store delar av tannhelsetenesta privat, og tannlegane kan setje den prisen dei vil. Vi har behov for alle dei tannlegane vi har, også dei private, men SV vil at staten skal gje refusjon for behandling og det skal settast eit tak for kor mykje den einskilde må betale. Akkurat slik som elles i helsetenesta.

Ei tannhelsereform er ei folkehelsereform. Fordi det ikkje å prioritere tannhelse kostar både samfunnet og den einskilde dyrt. Uløyste tannproblem kan vekse seg større, det går utover helse og kan skape sosiale problem. Ei tannhelsereform vil gje fleire eit godt og friskare liv. SV vil få dette til ved å auke skattane for dei som tener alle mest, og slik vil fellesskapet ha dei ressursane som trengst for å få på plass ei fullverdig tennhelsereform. No er tida inne for at alle gode krefter jobbar saman, i fellesskap, for å byggje eit velferdssamfunn slik at alle kan få den helsehjelpa dei har behov for. Det er på tide å tette hol i velferdsstaten og sørgje for god tannhelse for dei mange, ikkje berre for nokon få.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godt val!