Johannes Heggland er generalsekretær i Kirkens SOS.

Takk for at du får meg til å ville leve

Det finst ord som brenn seg fast. Ord eg aldri gløymer, som «Takk for at du får meg til å ville leve», eller «Du hindra meg i å gå heilt til grunne.»

Dette er ikkje slagord. Det er ærlege meldingar frå menneske som har brukt chattetenesta til Kirkens SOS. Dei er ikkje skrivne til meg, men til ein av våre medarbeidarar. Ordvalet seier noko om kor mykje det kan bety å bli møtt av eit medmenneske når livet kjennest uuthaldeleg.

Chat for livet 

For mange unge er det lettare å skrive enn å snakke. Gjennom tastaturet vågar dei å dele tankar som kan vere vanskelege å snakke høgt om til folk ein kjenner. Unge fortel om einsemd, skam, press, psykiske plager – og altfor ofte om sjølvmordstankar.

I 2024 svara Kirkens SOS på 21 400 samtalar på chat. Berre dei siste tre åra har chatten vakse med 40 prosent. Bak tala skjuler det seg unge menneske som ynskjer og treng å dele tunge tankar, i håp om at nokon vil forstå og svare. I ein av tre samtalar er sjølvmordstankar tema.

Eit nasjonalt løft

På verdsdagen for psykisk helse, 10. oktober, skjer det noko heilt nytt i Noreg. For aller første gong går nokre av landets største merkevarer saman med Kirkens SOS for å setje psykisk helse på dagsorden. Dei opnar sine eigne kundechattar og lenkjer direkte til Kirkens SOS. I tillegg deler fleire kampanjen i sine eigne kanalar.

Bodskapen for kampanjen er enkel og kraftfull: Du er ikkje åleine.

Eg er djupt takksam for denne kampanjen, som vi vonar gjer at vi når vi ut til mange fleire unge, både dei som treng å vite at hjelpa finst – og dei som kan tenkje seg å bli frivillige. For vi treng fleire som vil vere der når ein ung person trykkjer «enter» og deler si indre uro.

I høve Verdensdagen held vi chatten open frå 09:00 til 01:30 – og gjennom heile helga.

Saman for livet 

Å lese orda «Du hindra meg i å gå heilt til grunne» minnar oss om kva som står på spel. Det er dette Kirkens SOS arbeider for: å støtte kvarandre som medmenneske, å lytte utan å dømme, og å halde ut saman med den som bér tunge tankar.

Verdsdagen for psykisk helse minner oss om at vi må stå saman. Når næringsliv, frivilligheit og enkeltmenneske dreg i same retning, gir det håp, og liv kan bli redda.

Så til deg som les dette: Hugs at du aldri er aleine. Ta kontakt om du treng nokon å snakke med. Eller kanskje har du sjølv moglegheit til å vere den som lyttar, den som held ut, den som gjev eit anna menneske mot til å leve.

Bli gjerne med i dette livsviktige arbeidet.

Johannes Heggland, 

generalsekretær i Kirkens SOS

Powered by Labrador CMS