
Skremslar frå Pernille Nedrebø og Senterpartiet
Senterpartipolitikar Pernille Nedrebø hevdar Høgre vil «tvangsnedlegge» Fjaler kommune og mange andre kommunar i Sogn og Fjordane. Det er grunnlause påstandar.
Bakgrunnen for desse skremslane er at Høgre vil motivere til frivillige samanslåingar der lokalpolitikarane meiner dette er til beste for innbyggarane og tenestene desse skal ha. At vi vil legge til rette for at kommunar kan slå seg saman der det er eit lokalt ønske om det, har Høgre meint i mange år. Det er å ta lokaldemokratiet på alvor, Pernille Nedrebø.
Senterpartipolitikaren hevdar så at dei kommunale tenestene i Sunnfjord kommune er dårlege, og at det står særskilt dårleg til med tilbodet til unge og eldre. Vidare at alt dette og den utfordrande kommuneøkonomien skuldast at kommunane Naustdal, Førde, Gaular og Jølster gjekk saman i Sunnfjord kommune i 2019.
Det er både ein drøy og feilaktig påstand. Sunnfjord kommune har etter det eg kjenner til gode tenester, og det er heller ikkje slik at den utfordrande kommuneøkonomien skuldast etableringa av Sunnfjord kommune. Pernille Nedrebø burde ha tatt seg ein prat med kommuneleiinga i Sunnfjord kommune, før ho sette seg til å skrive lesarinnlegg for Senterpartiet.
For sanninga er at Senterpartiet og Pernille Nedrebø nå er i gang med reproduksjon av valløfta frå fire år tilbake. Og kva skjedde då? Senterpartiet hevda at kommuneøkonomien var elendig, men at Senterpartiet skulle få skikk på alt.
Men då Senterpartiet kom i regjering, måtte dei innrømme at det ikkje var sant det partiet hadde hevda. Solberg-regjeringa gav tvert om frå seg ein kommuneøkonomi som var svært god. Betre enn på mange år, og kommunane var godt rusta til å handtere auka utgifter, var Støre-regjeringa sin dom.
Så begynte det å gå nedover for kommuneøkonomien, og på Senterpartiet si vakt har kommunane fått den dårlegaste økonomien på 30 år. Det er det fleire grunnar til, og som regjeringa ikkje kan lastast for. Men kva gjorde Senterpartiet og Arbeidarpartiet? Dei brukte milliardar på unødvendige og håplause reverseringar, nye politikontor som ingen besøker og domstolar som ingen ville ha.
I snart eit år har lokalpolitikarar over heile landet trykt på den store alarmknappen, og varsla store kutt i viktige kommunale tenester, dårlegare vedlikehald og mindre investeringar.
Og medan det nesten ikkje var kommunar på Robek-lista då Senterpartiet og Arbeiderpartiet inntok regjeringskontora hausten 2021, har talet på kommunar som nå ikkje lenger får styre seg sjølv auka dramatisk.
Situasjonen er den same over heile landet, og vestlendingane slepp heller ikkje unna sparekniven. Nyleg melde NRK at over halvparten av kommunane i Vestland fekk ein endå verre økonomi i fjor. Berre kommunar med inntekter frå kraft og havbruk greidde seg nokolunde. Desse kan nok prise seg lykkeleg over at Senterpartiet ikkje fekk viljen sin med å ville beslaglegge nesten halvparten av havbruksnæringa.
Senterpartiet gjekk ut av Støre-regjeringa for nokre månader sidan, og har etter det stadig vekk tatt avstand frå vedtak dei sjølve har gjort. Og nå er dei altså i gang med det same som for fire år sidan: betre kommuneøkonomi.
Folk i Sogn og Fjordane har nok for god hukommelse til å tru på det.
Høgre går til val på å styrke økonomien og dei frie inntektene til kommunane våre. Vi vil ha levande lokalsamfunn i heile landet, og sikre at innbyggarane får god eldreomsorg, gode skular for barna våre og andre viktige kommunale tenester.
Olve Grotle,
stortingsrepresentant for Høgre i Sogn og Fjordane