- FrP meiner dagens asylsystem er dysfunksjonelt og må fundamentalt endrast, skriv stortingsrepresentant Stig Even Lillestøl. Privat foto.

Sjølvsagt må kommunane få seie nei

FrP fremjer på nytt forslag i Stortinget om etablering av asylmottak. I 2008 blei vi nedstemde. No forventar eg at Sp, KrF og Høgre stiller seg på lag med kommunane.

Alle norske kommunar må kunne seie nei til at det blir etablert asylmottak der. I dag har dei ikkje denne moglegheita, og blir dermed påtvinga asylmottak med kostnadar og andre eventuelle utfordringar. Dette ynskjer FrP å endre med vårt forslag i Stortinget.

Tilskota som kommunen får for oppretting av asylmottak er ikkje i dag nok til å dekke kostnadane. Det betyr at berre den økonomiske byrden ved denne dysfunksjonelle innvandringa kan skape vesentlege problem for ein kommune, og naturligvis har ikkje alle kommunar dei same forutsetningane til å handtere flyktningar.

Sjå på Lødingen i Nordland som eksempel. Denne kommunen med sine 2000 innbyggarar slit allereie tungt økonomisk og er på Robek. No får dei likevel beskjed om å opprette mottak for å ta imot 150 asylsøkarar. I bygda Håkvik i Narvik skal det kome 300 asylsøkarar. Det er langt fleire enn kommunen er i stand til å ta imot, fortel ordføraren til NRK.

Dagens system for etablering av asylmottak er verken heimla i lov eller forskrift. Det er kun basert på instruksar frå Justisdepartementet og UDI. Det betyr at kommunens rolle er redusert til å bli orientert, før det kan vere etablert eit mottak på kort tid.

FrP meiner dagens asylsystem er dysfunksjonelt og må fundamentalt endrast. Vetorett for kommunane er eit klokt steg i riktig retning inntil større endringar lar seg gjere. Vi forsøkte i 2008, men fikk ikkje fleirtal. No forventar eg at Sp, KrF og Høgre stiller seg på lag med kommunane og fører ein meir ansvarleg innvandringspolitikk.

Stig Even Lillestøl, 

stortingsrepresentant FrP

Powered by Labrador CMS