
- Senterpartiet vil redusere matmomsen
Senterpartiet har redusert matmoms som eit av våre prioriteringar inn i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett. Mange merkar at dyrtida har gjort at ein har fått mindre rom i kvardagsøkonomien. Vi ønskjer vil at folk skal oppleve ein betra økonomi. Då er noko av det viktigaste vi kan gjere å redusere avgifter som treff alle og alle treng mat.
Redusert matmoms frå 15 til 10 % vil kunne bety at ein vanleg familie vil kunne spare mellom 7000 og 8000 kroner i året med Senterpartiet sitt forslag.
Meir rom i økonomien skapar også meir tryggleik for folk. Dei siste åra har Senterpartiet prioritert å ta ned prisar og avgifter på vanlege folk sine utgifter. Det har vore viktige grep i ei tid med sterk prisvekst. Som politikarar kan vi ikkje hindre den globale prisveksten, men vi kan motverke den med å justere kostnader vi i Norge har politisk kontroll på. Derfor har vi prioritert lavare skatt på løn og pensjon, større frådrag for pendlarar, lavare prisar for barnehage, SFO, ferjebillettar og flybillettar, lavare gebyr på førerkort og pass, lavare vegbruksavgift og trafikkforsikringsavgift for bilistar, samt lavare avgifter på straum og vatn og avløp – og no også lavare matmoms.
Politikk er prioriteringar, og i krevjande dyrtid ønskjer Senterpartiet å bidra til tryggleik i folk sin økonomi.
Erling Sande,
stortingsrepresentant for Senterpartiet,
leiar av næringskomiteen
Erlend Haugen Herstad,
fylkesleiar Sogn og Fjordane Senterparti