– Senterpartiet sin massive politikritikk er tilbakevist

Det er game over for Senterpartiet si årelange svartmåling av politireforma og polititenestene våre. Etter at politiet i Sogn og Fjordane omtalte 2020 som «best ever», mange nasjonale politimål er nådde og tilliten til politiet no er rekordhøg, blir Høgre utfordra av Steinar Ness i Senterpartiet. Innlegget hans handlar i hovudsak om fordelane med at politifolk lever og bur i lokalsamfunna sine. Det er eit greitt tema.

I svarinnlegget til kronikken vår om at eit styrkt politi i Sogn og Fjordane, tek Steinar Ness i Senterpartiet utgangspunkt i eit tenkt ulykkesscenario i april 2021, og samanliknar dette med brannen i Fjærlandstunnelen i 2017. Dette for å vise at politiberedskapen i dag er dårlegare enn den vi hadde i 2017, då lensmannen i Jølster kom på ulykkesstaden før politipatruljen. Men bildet Ness teiknar er misvisande. For det første hadde tenesteeininga Sunnfjord den same vaktregionen og geografiske nedslagsfeltet i 2017 som i dag. For det andre var lensmannen i Jølster ikkje med i vaktordninga i 2017, noko som òg gjaldt dei fleste lensmenn i regionen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Realitetane er at vi har betre beredskap i dag enn vi hadde i 2017, noko politiet sjølv òg har gjort greie for. Politiet har for eksempel fått fleire patruljer på kveldstid og helgar, og dei har fått eigne, dedikerte innsatsleiarar. Politiet har dei siste åra òg fått andre verktøy for å handtere akutte hendingar betre. Dette gjeld for eksempel nytt naudnett som gjer det mogleg med samhandling på veg til ulykkesstaden, og ein ny og større operasjonssentral med betre og meir omfattande politifagleg kvalitet enn før. Det er òg slik at patruljane ikkje lenger er knytte opp mot eit enkelt kontor, som dei rykker ut frå. Politipatruljane er i dag blitt køyrande, velutrusta «politikontor» styrt av innsatsleiar og operasjonssentralen, anten dette gjeld planlagde oppdrag eller akutte hendingar.

I innlegget skriv Steinar Ness om fordelane med at polititenestefolk bur og lever i eit nærmiljø, og at ein kan møte på dei utanom arbeidstida. Vi er ikkje usamde i dette. Heller ikkje at mange polititenestefolk vil bu nær tenestestaden, og at dette på sikt kan føre til at færre politifolk enn før buset set på stader som ikkje lenger har lensmannskontor. På den andre sida er det ikkje knytt buplikt til lensmannskontora, og politifolk – som mange andre i arbeidslivet – bur ofte andre plassar enn på arbeidsstaden. Dette gjeld ikkje minst i Sunnfjord kommune, kor for eksempel halvparten av innbyggarane i dei tidlegare kommunane Naustdal, Jølster og Gaular arbeider i Førde. Når det gjeld beredskap må denne sjølvsagt uansett vere basert på vaktordningar, og ikkje kvar polititenestefolk måtte vere på fritida si.

Politireforma blei vedteke i 2016, og no ser vi resultata. Strukturen for politiet er sett, og Høgre har ingen planar om å endre denne. Politiet har fått tilført nær 3200 nye årsverk, målet om to politifolk per 1000 innbyggjar er nådd, og det er gjort store investeringar i nytt og moderne utstyr og auka kompetanse.

Dette er akkurat det politireforma handlar om: meir politifolk, ein meir moderne struktur og nye måtar å jobbe på. Det er klart at den største reforma av norsk politi nokon gong ikkje har vore ein dans på roser. Over 18 000 politifolk har fått arbeidskvardagen sin endra, og det har vore fleire år med omstilling. Det er ingen som seier at alle målsetjingar i reforma er oppnådde, og at alt er perfekt. Men tida har vist at ting har blitt betre, og no blir det gitt gode tilbakemeldingar frå heile landet om at politiet nyt høg tillit, behandlar saker raskare og er raskare på staden.

Det siste dømet på at det går bra i politiet, er Firda Tidend sin artikkel om Gloppen lensmannskontor. I artikkelen har går det fram at politiet har blitt betre på alle felt, med stikkord som nytt politibygg, full bemanning, brei kompetanse og betre kommunikasjon.