
Rimelegare barnehageplassar og auka bemanning
Det er august og nytt barnehageår er starta opp. Nokre born er i gong med tilvenninga til ein heilt ny barnehagekvardag, medan nokre born kjem tilbake til ein barnehage dei kjenner godt.
For småbarnsforeldra vert det også ein ny kvardag. Frå august kostar ein barnehageplass 800 kroner mindre kvar månad enn før. Det tilsvara nesten 10 000 kroner spart i året. SV kjempa gjennom dette kuttet i barnehageprisen i forhandlingane med regjeringa om revidert nasjonalbudsjett før sommaren.
SV foreslo å gjere barnehagen gratis, medan det ynskte ikkje Arbeiderpartiet. Priskuttet på 800 kroner i månaden er likevel eit viktig steg i rett retning. Det gjer at kvardagsøkonomien til mange småbarnsfamiliane vert betre.
Ei ny undersøking frå Respons Analyse syner at 55 % er samd i at barnehageplassar bør vere gratis, medan 27 % er imot. Det er høgst støtte til tiltaket hjå dei mellom 18-44 år og hjå barnefamiliane.
Høgre derimot seier dei vil auke barnehageprisen tilbake til 3000 kroner i månaden. For barnefamiliane vert det ei auke på 1800 kroner kvar månad, og ei samla auke på om lag 20 000 kroner for ein barnehageplass.
Det er viktig å også auke bemanninga i barnehagane. SV fekk igjennom eigne tilskot til auka bemanning i barnehagane i forhandlingane med regjeringa om statsbudsjettet for 2025 og i revidert nasjonalbudsjett før sommaren. SV vil halde fram arbeidet med å auke bemanninga i barnehagane, slik at dei tilsette kan gi barna det tilbodet dei skal ha.
Det er viktig kva du stemmer på ved stortingsvalet. Siste fire åra har SV kjempa gjennom ei nesten dobling av barnetrygda og innført eit gratistilbod i SFO på 1.-3. trinn. Bruk stemma di til å sikre kvardagsøkonomien til barnefamiliane!
Hege Lothe,
stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane