Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo.

På tide å setje skulen først

I desse dagar har titusenvis av barn og unge sin fyrste skuledag.

Eg har i mitt liv opplevd fyrste dag på ny skule fire gonger. På Nordfjordeid barneskule i 1979, på Eid ungdomsskule i 1985, Eid vidaregåande skule i 1988 – og Universitetet i Bergen i 1991.

Alle fire gongane var det spennande, litt skummelt – og det som er verkeleg rart å tenkje over i ettertid: Eg var på mange måtar ein annan person då eg slutta enn då eg begynte – kvar gong. Fordi skulen og det som skjer der, formar deg som menneske.

Eg var heldig alle fire gongane. Gjekk på gode skular, hadde gode lærarar - og venner.

Men alle har det ikkje like bra. Ikkje då, og heller ikkje no. Mange lærarar strekkjer seg langt for å få det til, men det er grenser for kor langt ein kan strekkje seg før strikken ryk. Det er dessverre eit faktum at norske klasserom og skulegardar er underfinansierte.

Det aller viktigaste vi kan gjere no, er å sørge for at lærarane får meir tid, ressursar og «armslag» for å løfte barn og unge som treng det. Difor går Venstre til val på at alle barn og unge skal ha ein god skulekvardag, mellom anna ved å sørge for å:

· Gi kontaktlærarar éin time ekstra i veka til oppfølging

· Fjerne tidstjuvane og kutte i rapporteringsmengda i skulekvardagen

· Gi lærarane ei betre lønnsutvikling – kompetanse må lønne seg

· Styrke satsinga på dei grunnleggande ferdigheitene i skulen: Lesing, skriving og rekning

· Meir ressursar til forebygging og arbeid med skulemiljø og mot mobbing

· Sørge for ein meir aktiv skulekvardag, mellom anna gjennom nasjonal satsing på skulehagar

· Slutte med politisk detaljstyring av korleis lærarane gjer jobben sin (og at også foreldre må gi lærarane tillit)

· At skulen skal ha ressursar og metodefridom til å ta i bruk ny teknologi i skulen, tilpassa den enkelte elev sine behov

I mellomtida ynskjer eg og Venstre alle eit godt skuleår. Takk for jobben alle lærarar og andre tilsette i skule og barnehage gjer!

Alfred Bjørlo, 

stortingsrepresentant og 1. kandidat for Venstre

 

Powered by Labrador CMS