Om å spare i hel framtida
Foreldra ved Vassenden skule er bekymra over kor lite oversikt det er over prosjektet Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen som vert sett i verk hausten 2026. Vi lurer på korleis det er mogleg å sikre ei god gjennomføring av strukturendinga når saka ikkje er godt nok utgreidd.
FAU bad om eit møte med prosjekteigar, der fekk vi få og vage svar, og mange av spørsmåla våre låg utanfor prosjekteigar sitt mandat. Romfordeling er enno ikkje ferdig kartlagt. Parkering for tilsette er ikkje kartlagt. Kvar ungdomsklubben skal vere er ikkje kartlagt. Uteområdet i høve elevtal er ikkje kartlagt. Uteområdet var ein stor del av saka då skulen vart delt for under 10 år sidan, og slike problem går ikkje vekk av seg sjølv. Dei svara vi fekk var farga av økonomi og stordriftsfordelar som einaste fordel, og lite talte for det som saka skal handle om: kvalitet og kapasitet.
Plandelen av prosjektet skal handsamast i kommunestyret 6. november, og budsjettet for prosjektet skal handsamast i desember. Dette er svært kort tid å finne gode løysingar. I tillegg inneheld prosjektet eit uoversiktleg budsjett, der ein gjennomfører store delar av prosjektet som driftskostnad. Oversikt over pengar brukt, ei eventuell innsparing eller overskridingar på samanslåing av Vassenden skule er dermed å vanskelege å navigere i. Eit prosjekt bør alltid innehalde oversikt over alle kostnadar og effektar uansett kva post det blir henta frå i kommunen sitt budsjett.
Prosjektet er gjennomført som eit sparetiltak. Vi foreldre er svært bekymra over om dette berre blir ei kortsiktig sparing, og at det kjem til å koste dyrt på sikt. Frå før veit vi at dei framtidige investeringane i kommunen sine primærtenester må komme innan helse grunna den demografiske utviklinga. Vassenden skule, er som fleire andre, råka av nedgang i elevtalet. Frå 2020 og til oktober 2025 er det fødd 22,2 barn med eit spenn på 18 til 30 for året i skulekrinsen. Ei strukturendring må likevel ta for seg meir enn fem år fram og det er, mellom anna, her vi meiner vedtaket er gjort på sviktande grunnlag.
Slik vi forstår ut frå møtet med prosjekteigar, vil nye Vassenden skule ha eit tak på ca 300 elevar om vedtaket blir gjennomført. Men så kjem jokeren som ikkje fekk vere med i saksutgreiinga. I 1999 var det fødd 40 barn i Vassenden skulekrins. Åra etter var det store elevtal med fleire delte klassar. Ein del av desse vil velje å komme heim til Vassenden når det er tid for å starte familie. I byggefelta våre kan vi vente eit generasjonsskifte, og det fins eit høgt tal hushaldningar med vaksne barn som har flytta ut... Dette er ikkje utgreidd, og vi meinar at ein ansvarleg kommune bør sjå meir enn seks år framover med tal fødde barn som saksgrunnlag når dei gjer ei strukturendring. I tillegg til generasjonsskifte i desse byggefelta, er det planlagt utviding av to av dei. Vi veit også at bustadmarknaden på Vassenden er attraktiv. Hus blir raskt selde og oftast over takst.
Vi trur at vi kan komme i den situasjonen at skulen blir for liten, og Sunnfjord kommune har ingen plan B for kvar ein skal gjere av ein auka elevmasse. 1.-7.-delen av noverande Vassenden skule har knapt inne- og uteareal til å slå saman med elevtalet som finst per i dag. Vi stilte dette spørsmålet til prosjektleiar, og fekk til svar at det var eit «framtidig luksusproblem». Vi reagerer sterkt på dette utsagnet, då vi på Vassenden no står i vår andre store skulestruktursak på åtte år. Det er krevjande arbeid for alle involverte, og at prosjektleiar avfeier våre bekymringar på denne måten, kjennest respektlaust!
Aspektet med uteområdet vart dessutan grundig utgreia då skulen vart delt for 8 år sidan. Alternativet er å ta delar av landbrukseigedom mot vest, og der stoppar Temaplanen for landbruk 2025-2030 med sin nullvisjon for reduksjon av jordbruksareal. Vestland fylke har også nullvisjon. Når det gjeld inneområdet, så kom det fram at verken prosjekteigar eller prosjektleiar har innsikt i korleis romsituasjonen på skulen faktisk er. Skulen fortel at dei har plass til ti klassar, men ein kan ikkje garantere at ein klarer å dele skulen opp i 1-4. klasse, mellomtrinn og ungdomskuletrinn, på grunn av storleik på dei ulike klasseromma. Det bekymrar foreldre som har småborn i skulen, der desse kanskje må dele gang med ungdomsskuleelevar. I våre auge er dette ei kraftig forringing av kvaliteten i ein skule som i dag fungerer svært godt.
Sunnfjord kommune må ta høgde for svingingar i elevtal, og at det også kan svinge oppover. Akkurat no legg Sunnfjord kommune opp til at Vassenden ikkje skal kunne vekse som buområde.
Å bu på Vassenden er for mange eit val om å busetje seg utanfor bykjerna, og vi ser det på kommunen sin klart største kvalitet å ha gode buområde også her.
Til slutt vil vi oppmode politikarane våre om å stoppe samanslåinga av Vassenden skule. Som eit minimum bør de utsetje til de har fått oversikt over om dette er gjennomførbart. Det er de som må gjere vedtak om strukturendringar der alle nødvendige faktorar er med. Ein skule er ein viktig del av lokalsamfunnet, og kvaliteten og kapasiteten på den er ein viktig faktor for korleis dette lokalsamfunnet har det. Akkurat no er dette lokalsamfunnet veldig bekymra.
FAU ved Vassenden skule,
ved leiar Katrin Heggheim Nilsen