Noreg treng ein kraftplan – ikkje enda ein kraftdebatt
Det hastar no. Bedrifter står i kø for å få straum, og nye arbeidsplassar står på vent fordi dei ikkje blir kopla til straumnettet. Grøn industri utan ny fornybar kraft er ønskjetenking. Me treng ingen ny kraftdebatt – me treng ein plan med felles mål og konkrete tiltak.
Kraftpolitikk er eigentleg næringspolitikk, grøn omstilling og distriktspolitikk. Det er det sentrale verkemiddelet for å nå klimamål, oppretthalda Noreg si rolle som industrinasjon og vegen til å bli eit faktisk lågutsleppssamfunn.
I Vestland merkar me kraft- og nettmangelen godt. Kommunar ønskjer utvikling og bedrifter vil investera. Nettselskapa våre får fleire førespurnader enn det finst kapasitet til. Likevel går utbygginga av ny fornybar energi og nett altfor sakte.
Me manglar ikkje ressursar. Me har vatn, vind, sol, varme og bioressursar. Me har kommunar som vil skapa arbeidsplassar. Me har industri som vil kutta utslepp. Me har nettselskap som kjenner flaskehalsane. Men me får det ikkje til å henga saman.
Problemet er at kraftutbygging framleis blir behandla som ein serie, til dels vilkårlege enkeltsaker. Ingen har ansvar for at det blir produsert nok kraft i Noreg til å møta behovet. Eit selskap utviklar eit prosjekt, ein kommune seier ja eller nei, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) behandlar, søknader blir godkjende. Deretter: Nokre klagar, nokre krev nye utgreiingar, nokre startar ein omkamp. Tida går. Alt står stille. Og så gjer me nøyaktig det same ein gong til, denne gongen i nabokommunen. Det ligg ingen overordna plan bak, det er bingo - utan premiar.
Noreg treng ein nasjonal energiplan med brei politisk tilslutnad som faktisk betyr noko. Ikkje ein høgtidleg rapport lagt i ei skuff, men ein plan som seier kor mye kraft me treng, kor nettet må byggjast, kva regionar som skal ta kva rolle, og korleis natur, industri, beredskap og lokalsamfunn skal vegast mot kvarandre – utan at vi endar fastlåste i enkeltsaker.
Fylkeskommunane må vera ein del av dette svaret. Fylkeskommunane bør få ei sterkare, koordinerande rolle der nasjonale mål og lokal planlegging blir utført. Heller enn å køyra parallelle, lausrivne løp, må næringsutvikling, areal, natur, klima og fornybar energiproduksjon planleggjast i lys av kvarandre og regionale føresetnader. Me planlegg for areal, næring, transport, klima og kompetanse. Men krafta ligg ofte ved sida av. Ny industri kan ikkje planleggjast utan straum. Arealpolitikk kan heller ikkje skiljast frå nett, og enkeltkommunar kan ikkje åleine sørgja for eit regionalt kraftsystem.
Kommunane skal framleis ha handa på rattet. Lokalsamfunn skal ikkje overkøyrast, og naturomsyn skal takast på alvor. Men dagens system gjer nesten alle konfliktar lokale, sjølv når konsekvensane er regionale eller nasjonale. Ein kommune kan seie nei, og det kan vere heilt rett. Men summen av mange nei kan også medføra at ein heil region misser moglegheita til nye arbeidsplassar, lågare utslepp og tryggare energiforsyning. I slike situasjonar må nokon ha ansvar for heilskapen.
I Vestland treng me ein regional kraftplan som peikar ut kva som faktisk må skje. Me må vite kor ny produksjon er mest realistisk, kor nettet må forsterkast først, kor fjernvarme kan frigjera straum, kor energieffektivisering monnar, og kva industriområde som bør prioriterast. Ikkje alt kan byggjast overalt. Ikkje alle omsyn kan telja like tungt kvar gong. Og me må starte med det som hastar mest.
Dessutan må me slutte med dei evige omkampane. Eit ja må vere eit ja, og ikkje berre ei dør som står på gløtt til neste hinder dukkar opp. Eit nei må kome tidleg nok til at folk ikkje bruker ti år og millionar av kroner på eit prosjekt som uansett ikkje hadde ein sjanse. NVE sine tilleggsutgreiingar ut over krava i lov og forskrift må fjernast. Motsegner må brukast til å løysa reelle konfliktar, ikkje til å flytta avgjerder ut i skoddeheimen.
Kraftpolitikken treng ærlegdom. Meir fornybar energi betyr inngrep. Utbygging av nett betyr master, grøfter og arealbeslag. Energieffektivisering er framleis nødvendig, men det er ikkje på langt nær nok. Fjernvarme er lurt, men ikkje overalt. Solkraft hjelper, men ikkje like godt om vinteren. Vasskrafta må oppgraderast, men effektoppgraderingar fører lite nytt volum inn i kraftsystemet. Me treng kraftinvesteringar som monnar, med både ny vasskraft og ny vindkraft og linjer som dekkar behovet i næringslivet.
Difor må staten, fylka og kommunane setja seg rundt same bord og spørja: Kva må byggjast, kor, og når? Me treng ikkje fleire kraftdebattar om me treng meir kraft. Det veit me allereie. No treng me ein plan med framdrift – både for nasjon og regionar.
Noralv Distad,
styreleiar i Kraftfylka og medlem av Vestland fylkesting