Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, meiner at større bu-og arbeidsregionar er viktig for Sogn og Fjordane.

Nordfjord og Sogn har tatt steget – kva med Sunnfjord?

I Nordfjord og Sogn ser vi no ein ny og samlande vilje til å utvikle større bu- og arbeidsregionar. Næringslivsleiarar, eldsjeler og offentlege aktørar løftar i lag for å gjere regionane meir attraktive – ikkje berre for seg sjølve, men for kvarandre. Det er ein lovande trend. Men kva skjer i Sunnfjord? I jobben min i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har eg gleda av å vere tett på samfunns- og næringsutviklinga i Sogn og Fjordane. Kvar veke får vi presentert nye idear og tiltak med mål om å skape vekst og utvikling. Det er lett å la seg begeistre av all den krafta og framtidstrua vi møter. 

Bak desse initiativa står dyktige menneske og organisasjonar med sterk vilje til å gjere ein forskjell. Desse menneska – med engasjement, kraft og lidenskap – er gull verdt for lokalsamfunna våre. Dei spelar ei heilt avgjerande rolle når det gjeld å vise veg og skape tru på at regionen vår har det som skal til for å lukkast framover. 

Vi veit alle at det ligg nokre mørke skyer og utviklingstrekk over oss som gir grunn til uro. Utfordrande demografi og sterke sentraliseringskrefter er problemstillingar som ikkje berre treffer Sogn og Fjordane, men store delar av Norge og Europa. Vi må leite etter vinnaroppskrifter for å møte desse utviklingstrekka. Korleis vi kan bruke våre fortrinn, og kva smarte tiltak som kan setjast i verk for å oppnå vekst og attraktivitet i Sogn og Fjordane er sentrale spørsmål. Lenge har det vore snakk om at det er viktig å løfte i lag, og at større bu- og arbeidsregionar er nødvendig for vidare utvikling. No ser vi teikn til handling, særleg i Nordfjord og Sogn.

Nordfjord og Sogn i front

I Nordfjord skjer det mykje spennande. Nordfjordkompaniet, Nordfjordtreffet og felles merkevare NORDFJORD er initiativ som viser vilje og evne til samarbeid på tvers av kommunegrensene. Målet er å bygge ein sterk, samlande og attraktiv region. Det står respekt av arbeidet som blir gjort – og det verkar å vere brei oppslutning.

I indre Sogn ser vi liknande tendensar. Sognaklynga er døme på nytt samarbeid mellom næringsliv, akademia og offentleg sektor. Klynga ynskjer å samle Sogn for bygge stoltheit, engasjement og samhandling. Her ligg det eit tydeleg ønske om å utvikle Sogn som ein attraktiv og sterk region. Sogn Friluftsråd, ein ny og frisk aktør med unge og engasjerte krefter, viser òg kva som er mogleg når ein løftar i lag – og skaper aktivitetstilbod for heile regionen.

Ein ny og samlande generasjon næringslivsleiarar, eldsjeler og pådrivarar set ein tydelegare retning når det gjeld å løfte i lag, spele kvarandre gode og utvikle desse regioane i fellesskap. Ein har innsett at for arbeidsgjevarar og arbeidstakarar er kommunegrensene ganske så uinteressante. Auka fleksibilitet og mobilitet i arbeidslivet (til dømes heimekontor/kontorfellesskap), gjer til at avstandar er mindre avgrensande for kor du bur og arbeider. Å synleggjere ein større bu- og arbeidsregion kan difor vere avgjerande når ein familie skal flytte hit for å finne to gode og relevante jobbar. 

Kva med Sunnfjord?

Så kjem spørsmålet: Kva skjer i Sunnfjord, den største motoren i Sogn og Fjordane? Det er mange gode krefter og initiativ også her, men vi saknar samlande initiativ for heile Sunnfjordregionen. Framleis ser vi at aktørane i kommunane HAFS, Sunnfjord og Kinn/Flora set i gang sine initiativ, utan tydeleg vilje og kraft til å løfte heile Sunnfjord som ein felles bu- og arbeidsregion. Det mest målretta initiativet er truleg Sunnfjord Utvikling sitt merkevareprosjekt, eit prosjekt som ønskjer å ha heile regionen som målgruppe. Sunnfjord har det største potensialet for vidare vekst og utvikling i Sogn og Fjordane, men kanskje har utviklinga gått såpass av seg sjølv, at ein ikkje har kjent same behovet for samhandling som i Sogn og Nordfjord? 

Felles løft gjev større kraft

Sparebankstiftinga støttar mange initiativ innan samfunns- og overordna næringsutvikling, både lokalt og regionalt. Vi heiar på samarbeid og fellesskap – ikkje fordi det er enkelt, men fordi det gjev resultat. Dei nye felles løfta i Nordfjord og Sogn er etter vårt syn viktige steg i rett retning. Det er ikkje ei enkel oppgåve å byggje bu- og arbeidsregionar på tvers av kommunegrenser. Det krev vilje, klokskap, ressursar og tolmod.

Å utvikle Sunnfjord, Nordfjord og Sogn til tre sterke bu- og arbeidsregionar ser vi som viktig. Dei første stega er tatt i Sogn og Nordfjord. No ventar vi på det første tydelege steget i Sunnfjord.

Vi i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er gjerne med og drøftar gode idear og initiativ som kan vere med på å skape attraktive regionar. Vi trur at det å løfte i lag gir best resultat over tid. 

Dette kan vere eit kupert og krevjande terreng. Men slikt terreng er vi godt vande med i Sogn og Fjordane.

 

Powered by Labrador CMS