
Noko vi alle bør tenkje over
10. oktober er Verdsdagen for psykisk helse. Dette er ein internasjonal FN-dag som blir markert på ulike måtar i meir enn 150 land for å fremje medvit kring temaet.
I Noreg blir dagen markert med ein nasjonal folkehelsekampanje frå veke 39 til 42. Denne kampanjen mobiliserer skular, arbeidsplassar, organisasjonar og eldsjeler. Målet er å formidle openheit om, og skape engasjement og tiltak for den psykiske folkehelsa.
Temaet for kampanjen i år er å styrke den psykiske motstandskrafta vår i ei uroleg og uføreseieleg tid, der mange kjenner på usikkerheit knytt til kva som skjer i verda kring oss og i eigne liv.
Å vere i stand til å tole det vi ikkje har kontroll over kan vere krevjande. I motsetnad til tidlegare generasjonar nordmenn, som voks opp med mange usikre faktorar og der ein i større grad enn i dagens moderne velferdsstat måtte forsere dei bratte motbakkane livet baud på ved eiga hjelp, er dei fleste nordmenn i dag vane med langt tryggare rammer, meir stabilitet og eit offentleg apparat som trår til når ein har behov for hjelp og støtte.
Dette kan nok ha bidrege til at befolkninga - og samfunnet - ikkje er like motstandsdyktig og robust som før, og er meir utsett for psykiske lidingar når livet buttar imot. Slik sett er temaet for verdsdagen høgaktuelt, og noko som er svært viktig å setje fokus på.
Ifølgje Folkehelseinstituttet vil mellom éin av seks og éin av fire oppfylle kriteria for ei psykisk liding i løpet av eit år. Alvorlege lidingar kan føre til at ein blir arbeidsufør, får fysiske sjukdomar og redusert venta levealder.
Det seier seg sjølv at dette er kostbart for samfunnet, men det er først og fremst kostnaden for enkeltmenneske som kan bli verkeleg høg. Mange får nedsett funksjonevne i dagleglivet og sterkt redusert livskvalitet.
Mange psykiske lidingar viser ikkje på utsida, men dei kan like fullt vere sterkt tilstadeverande bak ein sminka fasade. Og dei kan råke også dei vi kanskje tenkjer er robuste og sterke på alle måtar.
I den nasjonale kampanjen i samband med Verdsdagen for psykisk helse blir det fokusert på kva vi byggjer kring oss av tryggleik, fellesskap og strukturar som gjer det lettare å stå i motgang. Ein er i stand til å tole meir når ein ikkje er åleine om ting, har støtte når det trengst og når omgjevnadane våre bidreg til tilhøyrsle.
Dette bør vi alle tenkje over. Svært mange av oss vil før eller seinare bli utsette for ei psykisk liding og ha behov for nokon som ser, lyttar og er til stades for ein. Vi kan alle vere denne "nokon", og bidra til å hjelpe og gjere dagane lettare for dei som er kring oss.
Det må vi ikkje gløyme.