
Nei til Høgre sitt utvida timetal i skulen
Høgre vil gjere om ein SFO-time til ein ekstra skuletime for 1. klasse. Ein time ekstra undervisning per dag vil utgjere 190 timar i året for ein 6-åring. SV meiner dette er eit dårleg forslag. Dagens elevar på dei lågaste trinna har allereie 720 fleire skuletimar enn for 20 år sidan.
Høgre sitt forslag om å auke timetalet reiser fleire alvorlege spørsmål om kva som faktisk er best for elevane. Auken i timetalet for dei yngste elevane har ikkje ført til betre målbare resultat i skulen. Mange elevar opplever allereie ein stor arbeidsbyrde, og ein auke i timetalet kan føre til mindre læringslyst. Det er mange sterke stemmer i forskningsmiljøet som peikar på at det er for lite leik for 6-åringane som er kritisk og ikkje for lite undervisning!
Meir teori for små 5-7-åringar er ikkje svaret på korleis vi skapar auka læringslyst, tryggleik og motivasjon for elevane. Evalueringa av seksårsreforma syner at leiken har mista sin posisjon, og at den ikkje vert utnytta som eit naturleg potensiale for barna si utvikling og læring. Det må vi gjere noko med. Lærarane treng aksept for at den frie leiken har ein plass i skulen og at dei ikkje føler at dei må ta den vekk på kostnad av faglege krav.
Skulen er god på å gje barna individuell oppfølging inne i klasserommet for betre inkludering med stor grad av varierte arbeidsmåtar, struktur og systematikk, men det har gått på kostnad av leiken. Etter Reform 97 var skulen betre på leik, men hadde liten systematikk, struktur og variasjon i arbeidsmåtar. Vi må prøve å få det beste av begge to.
Leiaren i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll, er også kritisk til dette Høgre-forslaget: «Høgre sin nye skulepolitikk er meir av det som ikkje verkar» seier han.
SV meiner det er kunnskapslaust å tru at skulen automatisk blir betre om ein berre pressar fleire skuletimar på små born.
Å auke timetalet utelukkar ofte eit heilskapleg syn på kva kvalitet i skulen eigentleg er. Vi må heller bruke ressursane i skulen til å gje skulen gode rammevilkår med god vaksentettleik, klasserom som har ei utforming som inviterer til leik, god lærarsamansetning og nok og godt leikemateriell.
Hege Lothe,
stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane