Må leggje til rette i bygdene
Fleire bygder i nordre del av Kinn kommune reagerer sterkt på kommunen sitt framlegg til ny arealplan, der tomter for bustadbygging må vike for natur. Område der det tidlegare var opna for spreidd busetnad er no omdefinerte til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF), og i tillegg er store område blitt merka som rasfarlege. Det betyr nei til bustadbygging.
Innbyggjarar på Kvalheim, Kråkenes og Vedvik meiner bortfallet av tomter vil gjere grendene mindre attraktive, og at dei vil tape kampen om nye innbyggjarar viss den føreslegne planen blir vedteken.
- Frå min ståstad ser det ut som kommunen aktivt ønskjer nedbygging av bygdene, og at dei kun ønskjer utbygging i sjølve Måløy og på fastlandet ved Deknepollen, seier Sigrid Teige Øye til Fjordenes Tidende.
Ho har vakse opp på Kråkenes, og har odelsrett på garden til foreldra. No er ho ikkje lenger sikker på om ho ønskjer å ta over garden: - Det er ikkje freistande å ta over noko som du risikerer å tape på eller ikkje kan gjere noko med.
Kommunalsjefen i Kinn kommune viser overfor Måløy-avisa til at Statsforvaltaren har vore tydeleg på at det ikkje skal byggjast der det er landbruksinteresser, og at NVE er veldig tydelege på at det i framtida kjem til å gå nye og store ras på stader der det ikkje har rasa før. Han slår fast at dette er noko kommunen må halde seg til i arealplanlegginga.
Klimaendringar som fører til auka rasfare, og fokus på å verne matjord av beredskapsomsyn, er sjølvsagt faktorar ein må ta omsyn til når ein lagar nye arealplanar. Offentleg forvaltning kan ikkje tillate bustadbygging der dei veit det er fare for ras, og at vår eiga evne til å produsere mat berre blir viktigare og viktigare i framtida, er vi ikkje i tvil om. I den omskiftelege verda vi lever i, er eigen matproduksjon god beredskap.
Like fullt stussar vi over at Statsforvaltaren ser ut til å ha ei så rigid haldning til dette med å tillate bustadbygging i område han definerer til å ha landbruksinteresser. For det er no ein gong slik at det kan vere langt betre for landbruksinteressene at det kjem ny busetnad i grisgrende strøk enn at alt blir "verna i hel" og bygdene blir mindre attraktive å busetje seg i - også for dei som har ein gard å ta over og kan tenkje seg å drive med matproduksjon.
Mindre bygder prega av fråflytting, og der born har lang veg til leikekameratar, blir kanskje valde vekk til fordel for meir sentrale strøk når unge familiar skal etablere seg. Då døyr bygdene, jordbruksdrifta opphøyrer og matjorda som Statsforvaltaren er så oppteken av å ta vare på, gror att. Det må etter vårt syn vere betre å tillate ein viss grad av spreidd busetnad i det som til dømes kan vere beiteområde eller randsoner. Etablering av bustader der, kan vere det som skal til for at folketalet held seg oppe, at det blir interessant for dei som er i posisjon til å ta over gardsbruk å ta steget og satse innan landbruket, at matjorda blir halden i hevd, og at beredskapen blir oppretthalden.
Vi har sett mange døme på at Statsforvaltaren av omsyn til landbruksinteressene har sagt nei til å gje dispensasjon til bygging av bustader på tomter som ein strengt tatt må seie har avgrensa landbruksmessig verdi. Mellom anna i dei bratte bakkane ovanfor Randabygd kyrkje i Stryn. Vi vil tru det hadde vore betre for bygda, landbruket og samfunnsutviklinga om dei som ville busetje seg der, fekk lov til det, ikkje fekk nei fordi området er definert som dyrka mark.
Det er òg eit enormt paradoks at ein del av den beste matjorda i sentrale strøk blir bygd ned til fordel for parkeringsplassar, industri, næringsutvikling og offentlege føremål. Der ser det ut til å vere greitt, fordi det er snakk om pressområde, og at det av "samfunnsmessige omsyn" er fornuftig å gjere det. På same tid skal reglane vere heilt annleis i bygdene, sjølv om det i mange tilfelle er snakk om areal som ikkje er drivverdige i forhold til dagens krav om effektiv drift, og som såleis står i fare for å ende som skogsteigar. På denne måten blir arealbruk ei sterk sentraliseringskraft. I sentrale strøk blir det lagt til rette for utvikling, medan ein ikkje får den ønska utviklinga i distrikta fordi store areal er bandlagde.
Vi meiner det må bli eit tydelegare skilje mellom kva ein skal definere som dyrka mark og matjord, og det som i praksis er "bukkemark" med svært avgrensa verdi for landbruksinteressene. Og ikkje minst meiner vi Statsforvaltaren må bruke meir skjønn og opne for bustadbygging også på areal der det på eit kart kan vere landbruksinteresser.
Det gagnar verken matjorda, landbruket, distrikta, beredskapen eller samfunnsutviklinga at folk ikkje får busetje seg i bygdene.