Kva betyr kultur – og er det verd å betale for?
Det går jamleg ei bølgje gjennom den offentlege samtalen: «Er kultur viktig nok til å bruke pengar på?» Spørsmålet vert ofte stilt når budsjetta er tronge og behova er mange. Som ordførar møter eg desse prioriteringane årleg. Nett difor vil eg forklare kvifor kultur ikkje er pynt på toppen av velferdssamfunnet, men grunnmuren som held det saman.
Kultur er meir enn konsertar og snorklipping
Vi har ein tendens til å redusere kultur til billettinntekter, programhefte og opningsarrangement. Men kultur er summen av kven vi er: språket, dialektane, historia, verdiane, frivilligheita, idretten og tradisjonane våre. Kultur er ytringar og fellesskap – måtar å vere saman på. Ho er alt det usynlege som gjer at eit «vi» finst, og at eit «eg» tør å tre fram.
I vår kommune ligg kultur under «kultur og samfunn». Det er ikkje tilfeldig. Kultur formar korleis vi bur, lærer, deltek og tek vare på kvarandre. I Vestland fylke ligg kultur tett på folkehelse – det er heller ikkje tilfeldig. Deltaking i kultur og frivilligheit fremjar helse, trivsel og inkludering. I staten har kultur sitt eige departement med ansvar for alt frå kunst og media til likestilling, idrett, spel og frivillig sektor. Kvar einaste av desse delane er med på å halde demokratiet levande.
Kvifor investerer vi i kultur?
Fordi kultur er det som gjer fridomen vår synleg og kjennbar i kvardagen. Historia kjenner vi: Kolonimaktene som tok språk og symbol for å ta makt og ressursar. Fornorskingspolitikken mot samane som knebla språk, tru og eigedomsrett. Bokbrenning, sensur og forfølging under totalitære regime. Når autoritær makt vil styre menneske, går han først etter kultur – for der bur identitet og motstandskraft.
Det motsette er òg sant: Når frie samfunn skal byggjast, byggjer vi kulturhus, bibliotek, korps, kor og idrettslag. Vi investerer i språk og kunst, i frivillig kompetanse, i møteplassar på tvers av generasjonar. Vi gjer det fordi kultur skaper tillit, og tillit er smurningen i alt som fungerar – i skulen, i helsetenestene, i næringslivet og i demokratiet.
«Men vi må jo prioritere!» – Ja, og difor må vi velje klokt
Det er rett at vi må prioritere. Det gjer vi heile tida. Men å kutte kultur for å løyse andre utfordringar er ofte det dyraste sparetiltaket vi kan gjere. Her er kvifor:
1. Førebygging og folkehelse: Deltaking i kultur og frivilligheit dempar einsemd, styrkjer psykisk helse og aukar meistring. Kvar krone i kultur kan spare kroner i helse og NAV seinare.
2. Læring og rekruttering: Kulturarv, språk og estetiske fag styrkjer læringsevna og innovasjonskrafta. Kven skal elles bygge bruene våre, teikne husa våre om ikkje borna får vere kreative og lære grunnleggande prinsipp? Lokalt kulturliv gjer kommunen attraktiv for tilflyttarar – ikkje berre hytter, men heimar.
3. Frivillig verdiskaping: For kvar offentleg krone mobiliserer frivillig sektor timar, kompetanse og fellesskap som det offentlege aldri kunne ha kjøpt tilsvarande for. Kulturen gjer at vi får dette dugnadsmangfaldet i gåve – år etter år.
4. Tryggleik og beredskap: I urolege tider handlar forsvar om meir enn materiell. Kva forsvarar vi, om ikkje språket, historia, fellesskapet – det som gjer oss til «oss»? Kultur er samfunnsberedskap i praksis: identitet, samhald og tillit.
«Er ikkje kunst elitistisk?» – Nei, men alt treffer ikkje alle likt
Ikkje alle likar opera. Ikkje alle likar hardrock. Slik er det – og slik skal det vere. Poenget med eit mangfaldig kulturliv er nettopp at noko skal vere ditt, noko skal utfordre deg, og noko skal vere for naboen din. Kunst og kultur må få lov til å røre, provosere og trøyste. Det er ikkje sløsing – det er ytringsfridom i arbeid. Og akkurat som vi ikkje kuttar i brannvesenet fordi det brenn sjeldan, skal vi ikkje kvele kunst fordi den av og til er krevjande. Demokratiet treng rom som ikkje berre produserer «likes», men også ettertanke.
Frivilligheit og idrett er kultur – og kulturarv
Korpstrommer ein regnfull laurdags morgon. Ein trenar som held fast på at alle skal få speletid. Undervisning i dans som lærer ungane å bevege seg i takt til musikk. Lokalhistorielaget som tek vare på minner og stadnamn. Alt dette er kultur. Det er her unge lærer å møte opp, å samarbeide, å tape og å tape igjen – og likevel møte opp. Det er her eldre finn fellesskap, og nye innbyggarar finn ein plass å vere. Kulturen er limet, idretten er motoren. Begge er samfunnskraft.
Kva med kommuneøkonomien?
Vi må kutte i kultursektoren til liks med alle andre sektorar – men også her må vi tenkje klokt. Å vere nøktern er ansvarleg. Å vere kortsynt er farleg. Difor meiner eg vi skal:
· Verne grunnmuren: Kulturskule, frivilligsentral, lag og organisasjonar og fri tilgang på litteratur. Her får vi mest fellesskap per krone.
· Prioritere breidda – og våge høgda: Breiddeaktivitetar for barn og unge er ufråvikelege. Samstundes må vi ha ambisjonar – profesjonell kunst og nyskaping som løftar heile kommunen.
· Setje tydelege mål: Midlar skal knytast til mål om deltaking, inkludering, kvalitet og rekruttering – ikkje berre aktivitet for aktivitetens skuld.
· Bruke partnerskap: Kommune(ne), næringsliv og frivilligheit får til mest saman. Ei lita kommunal krone kan utløyse store private og frivillige bidrag.
I ei tid prega av polarisering, usikkerheit og økonomisk press er det lett å bli instrumentell: alt skal kunne målast på neste kvartalsresultat. Men fellesskap er langsiktig arbeid. Når scenen mørknar, når øvingslokala til kora stengjer – då forsvinn noko som det tek tiår å vinne tilbake.
Eit spørsmål om kven vi vil vere
Til sjuande og sist er spørsmålet ikkje: «Har vi råd til kultur?» Det rette spørsmålet er: Har vi råd til å la vere? Forsvaret vernar territoriet, lovene vernar rettane – men det er kulturen som gjer at landet vårt kjennest som heime. Kultur er retten til å bruke dialekta si utan å be om orsaking. Til å elske den ein vil. Til å lese bøker som får oss til å tenkje, og høyre musikk som får oss til å kjenne. Til å møtast på tvers av generasjonar, bakgrunnar og meiningar – og framleis kalle kvarandre sambygdingar og landsmenn. Berre spør Ukraina - spør Grønland! Utan kulturen og identiteten vår – kva skal vi då kjempe for?
Mi oppmoding
La oss slutte å omtale kultur som «mjuk» eller «nice to have». Vi skal spare, men vi skal spare klokt. Kultur er hard infrastruktur i eit fritt samfunn. Kulturen vår ber demokratiet vårt, helsa vår, skulen vår og næringslivet vårt. Vi skal vere strenge på kvalitet, tydelege på mål og rause i samarbeid – men vi må vere urokkelege på prinsippet: Vi investerer i kultur fordi den er summen av oss alle saman – grunnen til at vi treng eit nasjonalt forsvar.
Judith Kvåle,
ordførar i Stad kommune