MC-førar omkom i trafikkulukke

Ein motorsyklist i 50-åra, heimehøyrande i Vestland fylke, omkom i ei ulukke nedanfor Jøl bru på Rv. 15 i Hjelledalen i Stryn rett etter klokka 20:00 laurdag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Berre motorsyklisten var involvert i ulukka. 

Politiet melde fort at det såg ut til å vere ei alvorleg ulukke, og det blei sett i gang livreddande førstehjelp. Livet stod ikkje til å redde.

Kl. 00:47 melde politiet at den omkomne er ein mann i 50-åra frå Vestland fylke, og at dei pårørande er varsla.

Powered by Labrador CMS