Einar Solheim frå Førde er sentralstyremedlem i IOGT i Norge.

Kommunen kan seia nei til utvida VM-skjenking

Vi gler oss til VM i fotball, saman med svært mange andre i Noreg. 

Spørsmålet som blir diskutert om dagen, er om dagens skjenkelover skal setjast til side, slik at alkohol kan serverast døgnet rundt under VM. Vi i den ruspolitiske organisasjonen IOGT meiner at idrett og alkohol ikkje høyrer saman. Kvifor skal akkurat fotball-VM innebera ei ekstraordinær og utvida skjenking av alkohol om natta? Vi veit at nokre VM-kampar går seinare enn dagens skjenketider, men vi meiner det er heilt unødvendig at kommunane tillèt skjenking døgnet rundt. IOGT ber om at dagens skjenkereglar blir følgde. Skjenkestader som viser VM-kampar kan heller få utvida opningstidene, slik at dei kan halda ope til etter kampslutt.

I regjeringa sitt eige høyringsnotat om utvida VM-skjenking kan vi mellom anna lesa at alkoholbruk er ein av dei viktigaste risikofaktorane for tap av friske leveår i befolkninga. 

Alkoholbruk fører med seg store kostnader til behandling av sjukdom og skadar. I tillegg kjem kostnader knytte til omsorgssvikt, ulykker, vald, kriminalitet og andre tredjepartsskadar. I høyringsnotatet heiter det òg at store ansamlingar av folk som drikk alkohol etter klokka 03.00 vil kunna føra til meir skadeverk, vald og kriminalitet. Fleire kan få behov for helsehjelp, anten på grunn av forgifting eller på grunn av skadar som følgje av ulykker eller vald. 

Både politi og helsevesen kan måtta bemanna opp i den aktuelle perioden som følgje av utvida skjenketid under VM.

IOGT meiner kommunane våre ikkje treng å utløysa så mykje risiko for fleire ulykker, vald og sosial belastning, men heller halda seg til dagens reglar, også når det er fotball-VM. 

Så enkelt er det eigentleg.

Einar Solheim, Førde

sentralstyremedlem IOGT i Norge

Powered by Labrador CMS