- Mange kommunar i Sogn og Fjordane er gode på å ta inn lærlingar, medan andre er – etter mitt syn – alt for dårlege, skriv Elias Eide i dette innlegget.

Klar beskjed til kommunane!

Eit samrøystes fylkesting sende, etter framlegg frå Høgre, ei klår melding til alle kommunane i Vestland: Utdann fleire fagarbeidarar!

Lærlingordninga er eit samarbeid mellom kommunane, næringslivet og fylkeskommunen. Fylkeskommunen stiller med skular og lærekrefter dei første åra, arbeids- og næringsliv stiller med læreplassar dei siste åra. I mange år har dette vore eit svært vellukka samarbeid som har utdanna dyktige fagarbeidarar. Framover vil vi trenge endå fleire av dei.

Kommuneøkonomien er den verste på nesten 40 år. Desse tronge rammene gjer at mange kommunar i Sogn og Fjordane går svært krevjande tider i møte, for å få eit budsjett i hamn for neste år. I samband med dette kan det vere fristande å gjere innsparingar ved å kutte talet på lærlingar. Dette vil vere svært uklokt, kortsiktig – og det vil få konsekvensar i form av kutt i utdanningstilbod. Fylkeskommunen kan ikkje oppretthalde tilbod når det ikkje finst læreplassar slik at elevane får fullført utdanninga si.

Mange kommunar i Sogn og Fjordane er gode på å ta inn lærlingar, medan andre er – etter mitt syn – alt for dårlege. Ein kan ikkje vente at ferdig utdanna kompetanse på magisk vis skal banke på døra på rådhuset framover. Her må ein sjølv ta ansvar for å utdanne den kompetansen dei treng. Kommunar kan heller ikkje klage på høge kostnadar på vikarbruk når ein samtidig nesten ikkje utdannar lærlingar.

Så skal fylkeskommunen sjølv også gjere vår del. Høgre meiner fylkeskommunen må bli endå flinkare til å utdanne fagarbeidarar.

I tronge budsjettider er det svært viktig å tenkje langsiktig. Då vil å utdanne fleire fagarbeidarar vere noko av det klokaste lokalpolitikarane våre kan gjere.

Elias Eide, fylkestingsrepresentant (H), 

medlem i opplæringsutvalet og yrkesopplæringsnemda

 

Powered by Labrador CMS