
Ja til ei sterk fagrørsle – ja til fullt skattefrådrag for betalt fagforeiningskontingent
Mange unge er i desse dagar i full gang med sommarjobbar rundt om i fylket. Kvart år vert LOs sommarpatrulje gjennomført. Unge fagorganiserte dreg rundt til unge i sommarjobb for å opplyse om dei rettane dei har i arbeidslivet forankra i lovverk og tariffavtalar. Blant brota dei har funne i år er opplegg utan mogelegheit for dopausar, manglande overtidsbetaling samt mindreårige på nattevakt og bak bardisken. LOs sommarpatrulje er eit godt døme på kor viktig fagrørsla faktisk er.
Fagrørsla er heilt sentral når det gjeld arbeidet med å gjere arbeidskvardagen til arbeidsfolk betre. Fagforeiningar og fagforbund i Noreg har i over 100 år med kamp vore sentrale i arbeidet med å sikre ein større grad av økonomisk tryggleik generelt for folk flest. Samtidig er det ikkje tvil om at det framleis er mykje som kan og bør endrast i arbeidslivet, og at det framleis er nødvendig å forsvare dei sosiale framstega som ein har oppnådd. Vi ser til dømes i dag fleire aktørar gå til angrep på retten til full lønn under sjukdom, og dette angrepet er det viktig å nedkjempe. Ei styrking av Arbeidstilsynet hadde gjort at ein kunne fått eit nødvendig og auka press på at arbeidsplassar i større grad respekterer det som vert slått fast i Arbeidsmiljølova. Arbeidstilsynet bør dessutan i langt større grad enn det som er tilfelle i dag gjennomføre umelde tilsyn, og på den måten få eit riktigare bilete over korleis ein arbeidsdag faktisk er på dei ulike arbeidsplassane.
Men endå viktigare enn Arbeidstilsynet er fagrørsla. Raudt vil at fagforeiningar har kollektive søksmålsrett som gjev fagrørsla mogelegheit til å føre saker mot bedrifter på vegne av einskildpersonar i spørsmål om lønn, tenestepensjon og andre former for godtgjersle, ulovleg innleie, mellombels tilsetjingar, oppseiingar eller brot på tariffesta kriterier ved nedbemanningar og permitteringar. Dei tilsette sine styrerepresentantar bør dessutan få vetorett i spørsmål om utflagging av arbeidsplassar.
Raudt er vidare for å innføre fullt skattefrådrag for betalt fagforeiningskontingent, for å på den måten senke terskelen folk kan ha for å fagorganisere seg. Det er ønskeleg at flest mogleg arbeidsplassar i Noreg er underlagt ein landsomfattande tariffavtale. Ein sterk fagrørsle som prioriterer interessene til arbeidsfolk først er heilt nødvendig for å forsvare og forbetre arbeidsvilkåra på jobb og velferdsrettane til folk flest.
Rita Tonning,
1. stortingskandidat for Raudt Sogn og Fjordane