Når vi andre har sett oss i godstolen etter ein herleg dag på fjellet, har Runar Kleppe sett seg på trakkemaskina for å åreparere løypene til neste dag.

Honnør og støtte til Breimsbygda Skisenter

I dag har eg vippsa 1000 kroner til Breimsbygda Skisenter i pur glede og beundring over den imponerande innsatsen Runar Kleppe og folka han har med seg gjer, for at vi alle skal få fantastiske løyper i ekstremt vakker natur.

Naturen med utgangspunkt frå Utvikfjellet er slik den alltid har vore, enten ein vil gå utover fjellet til Fløtravarden eller Rypeskaret, eller innover mot Støyvastøylen og Svartebotnen. Mektig imponerande og fantastisk turterreng enten ein vil gå ein kort tur, eller lange dagsturar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det som gjer dette til ei verkeleg herleg oppleving, er dei fantastiske løypene vi har glede av å nytte. Desse har vi tilgang til takka vere uendeleg mange timar dugnadsarbeid, og at vi som brukarar vil vere med på å betale litt av dei store kostnadane med drivstoff og vedlikehald av maskinene.

Kvar kveld når vi slitne og fornøgde set oss i godstolen etter ein herleg dag på fjellet, set Runar seg på trakkemaskina for å køyre opp att løypene og gjere dei klare til vi kjem på fjellet neste morgon. Åtte timar kvar kveld/natt, og med drivstoffkostnadar på fleire tusen kroner.

Eg har hatt glede av å vere parkeringsvakt eit par av påskedagane, og på den måten møtt både tilreisande og folk frå distriktet som har hatt glede av den fine naturen og dei velpreparerte løypene. Gjennomgangstonen er enormt stor begeistring. Og utan tvil ein fantastisk reklame for kommunane Stryn og Gloppen. Ein gjennomgangstone blant dei tilreisande har vore: Er vi som bur her klar over kva fantastisk tilbod vi har berre ein kort biltur frå heimen vår?

Eg er klar over det, og difor vippsar eg gjerne ein tusenlapp til vipps nr. 73296 som eit lite bidrag og takk til Runar Kleppe og folka han har med seg. Og eg oppfordrar alle som har glede av dei fantastiske løypene til å bidra med eitt eller anna valfritt beløp til dette vipps-nummeret.

Naturen med utgangspunkt i Utvikfjellet vil fortsatt ligge der, men dei fantastisk oppkøyrde løypene er ikkje sjølvsagt, om ikkje vi som har glede av dei er med på å betale litt av dei store kostnadane. Ei fantastisk påske er over, og Runar lovar nypreparerte løyper også i helgane framover om snøforholda tillet det. Då skal det berre mangle at ikkje eg og alle andre som har glede av desse løypene er med og betaler litt av kostnadane.

Turen til Svartebotnen er ei fantastisk oppleving, ikkje minst takka vere velpreparerte løyper.