Hjortejakt: Ut i skogen og opp i otta – vi har ein jobb å gjere!

Hjortejakta, hausten sitt vakraste eventyr, er i startgropa. Som jeger gjer du ein svært viktig jobb for at vi kan få ei hjortestamme som er i tråd med ressursgrunnlaget. Skal vi få til det, er vi avhengige av å fylle kvotane kring om i heile fylket. Hjortestamma må reduserast viss vi skal kunne oppretthalde ei frisk stamme og redusere øydeleggingane som hjorten gjer på innmark og i utmark.

I Bergens Tidende den 31. mai skriv artikkelforfattaren om den enorme auken i hjortebestanden dei siste ti-åra. Ifølge overvakingsprogrammet for hjortevilt og anna forskingsarbeid, syner det seg at beiting på skog somme stader er so stor at det går på kostnad av det biologiske mangfaldet. I tillegg går det veldig hardt utover avlingane på dei beste dyrka areala våre. Dyrevelferda vert òg dårlegare når hjortestamma vert for stor. Det syner att på tilveksten og vektene på dei ulike dyra.

Større avskyting må til. Grunneigarar/jegerar må ta problemet på alvor! Og syte for at det vert teke ut maksimalt med dyr i samsvar med dei planane for avskyting som valda har. Det er ein krevjande jobb, men også ein aktivitet som gjev flotte naturopplevingar. Å forvalte det naturen gjev gjennom jakt er vår plikt og samstundes gjev naturopplevingane og det sosiale med jakta gode dagar for mange. Til sist vil eg ynskje alle ei god sikker jakt.

Nils-Magne Gjengedal,

styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag