
Gratulerer til alle nye Firda-elevar!
Å starte på Firda vidaregåande skule er eit stort steg. Nokon kjem rett frå Gloppen ungdomsskule, andre flyttar på hybel for første gong. Nokon gler seg vilt, andre er litt nervøse og lurer på korleis dette skal gå. Uansett bakgrunn er det å begynne på Firda noko heilt spesielt, og eg vil gratulere alle som no tek fatt på denne reisa.
Firda er meir enn ein skule. Det er ein stad der du kan finne ut kven du er, få vener for livet og oppleve eit fellesskap som er trygt og inkluderande. Mange oppdagar her at skulen ikkje berre er noko du må gjennom, men noko du faktisk har lyst til å vere ein del av. Og tru meg, det er ikkje alle som kan seie det om skuletida si.
Det gode miljøet på Firda er noko heilt eige. Her er det rom for alle, uansett kven du er, kven du elskar, kor du kjem frå eller kor mykje pengar foreldra dine har. Men miljøet kjem ikkje av seg sjølv, det blir skapt av elevane. Det handlar om å ta vare på kvarandre, og det er ofte dei små tinga som gjer den store forskjellen. Sjølv kom eg ut av skapet på Firda. Og eg veit at eg ikkje er den einaste som valde Firda for å føle meg trygg.
Å ta vare på kvarandre kan vere å følgje ein kompis heim etter gimlefest. Det kan vere å banke på hybeldøra til ein venn når du veit han har hatt ein dårleg dag, eller å sykle saman til skulen dagen etterpå for å rekke første time, sjølv om begge helst ville ligge litt lenger under dyna. Det kan vere å dele ein matpakke i kantina eller å invitere nokon inn i vennegjengen. Små ting, men dei byggjer den store kulturen. Å inkludere andre er den beste investeringa du kan gjere.
Eg sjølv har vener frå Firda som eg veit eg vil ha resten av livet. Om nokre dagar skal nokre av oss spele brettspel og lage middag saman. Og stadig, både i politikken, i kulturlivet, i helsevesenet, på matbutikken og elles i livet, møter eg tidlegare Firda-elevar. Og kvar gong tenkjer eg det same: dette er bra folk. Det seier noko om kva slags fellesskap og kultur Firda faktisk er.
Og så er det lærarane og dei tilsette. Dei spør korleis du har det, dei tek seg tid, og dei bidreg til å skape ein skule der du ikkje berre blir vurdert på prøver, men blir møtt som menneske. Reinhaldarar, kantinefolk, lærarar, rådgjevarar og miljøkoordinator er vinden i segla som held Firda-skuta stødig. Og ja, eg kallar det ei skute, for av og til kan det kjennest ut som vêret er ruskevêr, men så lenge mannskapet held koken, kjem ein alltid trygt fram.
Tenk om alle skular i landet var som Firda. Gratis skulefrukost, Open skule og tilsette som arbeider med eit godt miljø.
Til alle nye elevar: Ta vare på kvarandre. Ver den som inkluderer, den som løftar, og den som tør å vere litt teit når stemninga treng det. Nyt tida, ver rause med kvarandre, og hugs at Firda er meir enn ein skule. Det er ein arv, eit fellesskap og ein stad å finne seg sjølv.
Lukke til med skuletida og velkomen til verdas beste skule.
Sandra Edith Kalland Tenud,
medlem av AUF sitt sentralstyre