Gondolplanane: kan ikkje – og må ikkje få lov!

Om Sunnfjord kommune tek omsyn til vernereglane for Jostedalsbreen nasjonalpark, motsegner og høyringsinnspel, kan kommunen ikkje seie ja til planane om gondol opp til Jostedalsbreen i Kjøsnesfjorden.

Jostedalsbreen AS må rett og slett ikkje få lov! Planen må avvisast, og SV ber kommunen om å avslutte arbeidet med forslaget til plan. Kommunen må ikkje bruke meir tid og krefter på eit prosjekt med så alvorlege innvendingar som har kome i høyringsprosessen. Eit ja til gondolplanane vil vere svært negativt for Sunnfjord kommune sitt omdøme både i Norge og andre land.

Av dei kring 350 høyringsinnspela frå personar og organisasjonar er det berre om lag 30 personar, ein organisasjon og eit selskap som uttalar seg positivt om planane. Mot det er det nesten 290 einskildpersonar og nesten 30 organisasjonar og lag som uttalar seg mot planane. Nasjonalparkstyret er ein av dei som vender tommelen ned for prosjektet. Medan det er det kommunalt eigde selskapet Sunnfjord Utvikling som uttalar seg positivt. Tala har vi kome fram til med ein gjennomgang av høyringsinnspela som hadde kome inn til fristen den 2. juni 2025.

Vektige motsegner

Frå Statsforvaltaren i Vestland, Norges Vassdrags-og energidirektorat (NVE), Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune ved avdeling for Plan, næring og innovasjon har det kome vektige og svært kritiske motsegner.

Vegvesenet meiner trafikktryggleiken vert redusert. NVE meiner at det ikkje er dokumentert at sikringstiltaka som er foreslått mot ras og flaum, vil vere tilstrekkelege. Fylkeskommunen vil at fleire tiltak i planen må verte betre visualisert. Direktøren for kultur og folkehelse i Vestland meiner at gondolutbygginga strir mot føremålet med vernet av Jostedalsbreen nasjonalpark. Her er han på linje med alle andre som uttalar seg mot planane. Direktøren er svært negativ til plassering av gondolstasjonen oppe på Tverrfjellet.

Stopp no!

Statsforvaltaren er mildt sagt svært kritisk til planane og meiner at konsekvensane og påverknaden for friluftsliv og naturmangfald er undervurderte i planane. Påverknadsgraden er «sterkt forringa» og konsekvensgraden er «svært alvorleg», meiner Statsforvaltaren. Og ikkje berre at verdiane «vert forringa» og at «konsekvensane er lite alvorlege». Motsegna er slik at planen umogleg kan verte godkjent til slutt. På same måten som for gondolen i Sulafjella i Møre og Romsdal som vart avvist av regjeringa rett før sommaren.

For å møte motsegnene frå statsforvaltaren må heile planen skrotast, og kommunen og kommunen må ikkje bruke tid og ressursar på å endre planane og kjempe for å få den godkjent.

Sikre naturen

SV meiner at dei som uttalar seg for planane overvurderer mengda av turistar som vil kome og nytte gondolen. Vi er samde med dei som hevdar at det ikkje er behov for fleire gondolar med dei avstandane som er frå Jølster til Stryn, Voss og Rauma der det alt er gondolar. Med dei vêrforholda som kan vere på Jostedalsbreen vil det ikkje vere så mange dagane i løpet av sommarhalvåret det er mogleg å sjå så mykje. Sunnfjord kommune og Jølster må satse på å utvikle reiselivet på det grunnlaget dei alt har og tilrettelegge for aktivitetar som sikrar den lite rørte og urørte naturen. Det er det mange tilreisande vil sjå og oppleve!

Hege Lothe er førstekandidat til Stortinget for SV i Sogn og Fjordane. Åsmund Berthelsen er medlem for SV i Sunnfjord kommunestyre og Vestland fylkesting

Ein av reiselivsaktørane, Nils Einar Kjøsnes, sa på eit offentleg møte og har skrive det same i ei fråsegn om gondolplanane: - Eg har spurt kundane mine, og dei vil ikkje ha eit slikt produkt».

Mange argument går att i fråsegnene til dei som ber kommunen ta ansvar for naturen og seie nei til gondolplanane. Eitt av dei er at ein ikkje ynskjer masseturisme som vil overbelaste naturen. Og sjølv om heile anlegget ligg utanfor grensa til nasjonalparken vil det påverke og redusere verneverdiane i både parken og utanfor.

Ein gondol vil gje arbeidsplassar, meiner forkjemparane for gondolen. Ja, nokon seier det mest er spørsmål om liv eller død for Skei og Jølster. Dette er det mange som stiller spørsmål med – og det ligg lite i planane som godtgjer dette godt nok, meiner også statsforvaltaren.

Difor, stopp prosessen fortast mogleg, tenk i andre banar og gjer alt for å sikre lite rørt og urørt natur. Og eit landskap som har stor nasjonal interesse både for slik det er brukt gjennom uminnelege tider – og på grunn av Astrup sine måleri, frå Kjøsnesfjorden og andre stader i Jølster.

Hege Lothe, 1. kandidat ved stortingsvalet for SV i Sogn og Fjordane

Åsmund Berthelsen, medlem i Sunnfjord kommunestyre og formannskap og Vestland fylkesting

 

Powered by Labrador CMS