Gi oss 16-åringar stemmerett!
Før helga feira eg saman med venner og familie at det var 16 år sidan eg vart født. I løpet av dei 16 åra har eg deltatt aktivt i to valkampar og vore med på fire av FN sine klimatoppmøter. No som eg er 16 kan eg straffast om eg gjer noko dumt, eg kan køyre bil om mamma sit ved sidan av meg, og eg har sjølv fått velje kva skule eg skal starte på til hausten. Likevel er det noko eg ikkje får lov til å delta i. Demokratiet.
Norge er blandt dei mest demokratiske landa i verda, men vi må også innsjå at demokratiet vårt har svakheiter. Aldersgrensa på demokratiet vårt stenger ute mange engasjerte vidaregåande-elevar. Gjennom to skulevalkampar og ein masse skulebesøk har eg fått reise rundt på vidaregåande skular over heile landet. Der har eg diskutert alt frå våpenlover til klimapolitikk med elevar. Eg har fått nye perspektiv på ting og lært mykje gjennom desse samtalane. Eg trur heile landet hadde hatt godt av desse meiningane. De må slutte å undervurdere ungdomen sine perspektiv.
Det vert vanskeleg å skulle vere skikkeleg engasjert i noko når ein ikkje får vere med sjølv, og alle er jo einige om at det er bra når unge engasjerer seg. Det gir mykje til både samfunnet og til ungdomane sjølve. Om vi lukkast med det vil fleire unge utvikle ein demokratisk sans tidlegare og dermed delta meir aktivt i demokratiet og ikkje falle for propaganda og falske nyhender. Dette er berre nokre av dei mange gode grunnane eg kunne ha ramsa opp til at ungdomsengasjement er kjempepositivt, men når vi ikkje får delta i demokratiet er det lett at maktesløysa vert for stor og at vi får ei kjensle av at det vi gjer, ikkje nyttar. Då vert det vanskelegare å vere engasjert.
Når eg diskuterer stemmerett for sekstenåringar med vaksne er ofte motargumentet at mange sekstenåringar ikkje er modne nok til å ha stemmerett. Eg meiner det er å undervurdere meg og mine jamnaldringar. I nokre tilfelle vil nok ungdomen la seg påverke av sine foreldre, men varierande grad av modenheit og sjølvstende finst i alle aldrar. Også blandt dei som er myndige. Vi fråtar jo heller ikkje folk stemmeretten om dei har ei kognitiv utviklingshemming eller demens, sjølv om det også kan gjere dei lettare påverkelege.
Det er på høg tid at de viser tillit til oss unge, og lar oss få vere med å bestemme på lik linje med alle andre. Demokratiet vårt kan alltid bli betre, og dette er neste steg i ei meir demokratisk retning. Gje oss sekstenåringar stemmerett.
Jakob Sande Haugset, fylkesleiar i Grønn Ungdom Vestland