
Full stopp i utflytting av statlege jobbar: Distrikta taper med Ap og Sp i regjering
Full stopp i utflytting av statlege jobbar: Distrikta taper med Ap og Sp i regjering
Det er ei politisk skandale at Ap/Sp-regjeringa dei siste fire åra har klart å få flytta færre statlege arbeidsplassar ut av Oslo enn nokon regjering før dei. Senterpartiet og Arbeidarpartiet kom til makta med store løfter om å satse på distrikta. I praksis har Ap og Sp gjort det stikk motsette: Dei piskar distriktsnæringslivet med ekstra skattar, og samlar dei statlege arbeidsplassane i Oslo.
Venstre vil ha ein framtidsretta distriktspolitikk utan straffeskatt på lokalt eigd næringsliv i distrikta, og som legg til rette for at statleg tilsette kan jobbe over heile landet. Det får vi berre med eit nytt fleirtal, og med eit sterkt Venstre som pådrivar. Dagens regjering har rett og slett stroke til eksamen.
NRK kunne 30/5 melde at talet på statlege arbeidsplassar som blir flytta ut i distrikta har falle dramatisk dei siste fire åra. Dette skjer på tross av at regjeringa har snakka varmt om distrikt og desentralisering sidan dag éin.
Dette handlar ikkje berre om arbeidsplassar. Det handlar om kva slags samfunn vi vil ha. Skal det vere mogleg å jobbe med viktige samfunnsoppgåver for staten – også om du bur i Nordfjord, Namdalen eller Nord-Troms? Eller skal alt skje i gåavstand til LO og Ap sitt hovudkontor på Youngstorget i Oslo?
Skal vi snu denne trenden, meiner Venstre at vi må tenke nytt.
I Nordfjord har vi nylig, etter initiativ frå Venstre og med grønt lys frå regjeringa Solberg i 2019, opna eit felles «Statens hus i distrikts-Noreg». Her jobbar fleire statlege etatar med små avdelingar saman i eitt stort fagmiljø – og samarbeider i det daglege. Slike felles fagmiljø vil Venstre ha på plass i distrikts-regionar i det heile landet – kombinert med at langt fleire statlege stillingar enn i dag blir lyst ut med fleksibel arbeidsstad slik at folk frå heile landet kan søke.
Realiteten er at mange statleg tilsette gjerne vil bu i distrikta, men får beskjed om at dei må sitje på kontor i Oslo. Det er håplaus bruk av både talent og teknologi. Ja, tida er kanskje no inne til rett og slett å gi statleg tilsette flytterett til eigen jobb – ein rett til å jobbe frå heimplassen sin med digital teknologi og lokale kontorfellesskap – når den type strukturar som «Statens Hus i Nordfjord» først er på plass.
For statleg sektor må spegle heile landet – ikkje berre Oslo. Alt anna er usosialt, ineffektivt og udemokratisk.
Alfred Bjørlo,
stortingsrepresentant for Venstre