- Det kan ikkje vere slik at klima er viktigare enn beredskap, skriv Stig Even Lillestøl.

FrP seier nei til metanhemmarar i dyrefôret

Regjeringa og Senterpartiet ynskjer å vidareføre prosjektet MetanHUB, som utviklar og testar ulike metanhemmande tilsetningsstoff i fôret til drøvtyggarar. Den klare ambisjonen er at dyra får metanhemmarar i fôret innan 2027, som ein del av regjeringas klimaavtale med jordbruksnæringa.

Vi i Framstegspartiet stiller oss kritiske til bruk av metanhemmande tilsetningsstoff og meinar at det ikkje er politikarane sin jobb å bestemme kva dyra skal ete.

Hensikten med tilsetninga er å få kua til å rape mindre, for å redusere klimagassutslepp. Kva kostnaden blir til slutt er foreløpig ikkje kjent, men det blir ikkje gratis. Eg meiner det er ei dårleg prioritering å gjere det norske landbruket dyrare og meir krevjande. Noko utslepp frå dei som produserer maten vår kjem vi ikkje forutan.

Fleire bønder eg har snakka med i valkampen har uttrykt bekymring for at melka deira blir mindre attraktiv på marknaden. Tidlegare i sommar skreiv Nationen at mediestormen rundt metanhemmarar har medført at økologiske Rørosmeieret, som ikkje nyttar metanhemmarar, har økt mjølkevolumet med 30 prosent. Meieribestyraren deira ser dette i samanheng med at “folk søker det ekte og naturlige, uten kunstige tilsetninger.”

Eg meiner det er uheldig om unaudsynte påbud gjer produkta frå den norske bonden mindre attraktive i butikkhyllene. Det kan heller ikkje vere slik at klima er viktigare enn beredskap. Derfor vil FrP kjempe mot overformynderi og byråkrati som står i vegen for den norske bonden. Vi er prinsipielt imot tilsetningsstoff i fôr til husdyr som ikkje skal bidra til å betre kjøttkvalitet eller auke mjølkeproduksjon.

Stig Even Lillestøl, 

stortingskandidat for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane

Powered by Labrador CMS