Framtida til norsk landbruk blir avgjort no!

Etter åtte år med Høgre og FrP i regjering var det lette i næringa med eit regjeringsskifte. Og med formuleringar i Hurdalsplattformen som, «sikre riktig talgrunnlag for landbruksforhandlingane for å måle inntektsnivå og ikkje berre inntektsutviklinga», og «legge ein forpliktande plan for å tette inntektsgapet», så både var og er det stor grunn til optimisme.

Regjeringa skal også ha for at ein har levert. Landbruksministeren har etter at Ap og Sp kom i posisjon, i oktober 2021, gjeve næringa samla sett over kr 1,5 mrd i kompensasjon for auka kostnadar. Det er bra og det gjev signal om at regjeringa meiner alvor, for det trengst!

Artikkelen held fram under annonsen.

Landbruket på Vestlandet og i Noreg står i ei skjebnetid. Inntektsutviklinga i landbruket har gått ned lenge, kostnadane aukar og likviditeten for mange er særdeles pressa. Siste vekene har det vore innmelding av slakt i eit omfang vi aldri tidlegare har sett maken til. Det er ikkje berre kritisk for norsk landbruk og matproduksjon, det er ramme alvor.

Situasjonen er langt på veg slik at om vi framleis skal ha eit aktivt landbruk som sørgjer for å trygge matberedskapen i heile landet, noko som ein ser tydleg viktigheita av med det som skjer rundt oss i verda no, så vil det bli avgjort i landbruksoppgjeret no i vår.

Landbruk er ikkje berre matproduksjon og beredskap. Landbruk er den næringa som held sysselsetting og busetjing oppe i distrikta. Det er landbruket som held kulturlandskap i stand og gjer fjordane, bygdene og grendene våre til attraktive reisemål. Landbruket held oppe aktiviteten til elektrikarar, rørleggarar, tømrarar og mekanikarar. Landbruket er limet i distrikts-Noreg.

Vi ber om, på vegner av våre kommunar og landbruket på Vestlandet, at regjeringa innfrir forventingane ein sjølv har skapt gjennom løfte i valkampen og gjennom lovnader i Hurdalsplattformen. Regjeringa må gjennom forhandlingane kome faglaga i møte, gjennom å kompensere for kostnadsveksten landbruket har hatt siste året og starte opptrappinga for å tette inntektsgapet, i tråd med signal i Hurdalsplattformen, med eit nivå som gjer det mogleg å hente dette inn i løpet av ein fireårsperiode.

Om regjeringa ikkje leverer på dette no, er vi redde konsekvensane vil vere ei masseavvikling av aktive bønder på Vestlandet og i Noreg.

Leidulf Gloppestad,

ordførar i Gloppen (Sp)

Anne Kristin Førde,

Artikkelen held fram under annonsen.

ordførar i Bremanger (Ap)

Petter Sortland,

ordførar i Høyanger (Ap)

Ivar Kvalen,

ordførar i Luster (Sp)

Roy Egil Stadheim,

ordførar i Vik (Ap)