Barneombod Mina Gerhardsen.

Frå familievald til Foxtrot?

For å få bukt med aukande ungdomskriminalitet må vi starte med det mest grunnleggjande: Å stoppe vald mot barn heime.

Alvorlege hendingar der barn ned i 12-årsalder er tekne for kriminelle handlingar, viser at heller ikkje Noreg går fri for den typen anbodskriminalitet som det svenske kriminelle nettverket Foxtrot driv med. Kynismen og viljen til å bruke barn til å utføre oppdrag, er utan moralske grenser.

Dette skjer samtidig med ei stor bekymring for vald og annan kriminalitet med unge gjerningspersonar. Politiet har ansvar for å stoppe kriminalitet, men vi har som samfunn eit felles ansvar for å førebyggje at unge vel å gjere seg skuldige i kriminelle handlingar. Både kommune og stat må gjere ein sterkare innsats for å redusere risikoen for at unge tek slike val.

Undersøkingar frå både Noreg og Sverige viser at mange barn som blir trekte inn i kriminalitet, sjølv er offer for vald i heimen. Det svenske barneombodet har nyleg publisert ein større rapport om unge lovbrytarar, der halvparten har opplevd vald i heimen. Dette liknar tala frå Oslo politidistrikt, som har gått gjennom bakgrunnen til barn og unge som er registrerte med 10 eller fleire meldingar. Det tydelegaste funnet er at dette er sårbare unge gutar som frå tidleg alder har vore utsette for omsorgssvikt og vald i nære relasjonar. Heile 39 av dei 55 personane i gjennomgangen er sjølv registrert som fornærma i ei valdssak, med snittalder for første registrering på 10,5 år. Barneombodet har gjort liknande funn tidlegare.

Vald er noko av det mest alvorlege barn kan utsetjast for. Ungdomskriminalitet startar ikkje med det første ranet, men den første gongen det blir avdekt vald mot eit barn utan at det blir følgt opp godt nok. Omsorgssvikt er meir samansett enn berre vald. Men ungdom som opplever svik heime, og som så blir svikta av dei som skal hjelpe, er mykje meir utsette for å få problem som fråfall i skulen, utanforskap og kriminalitet.

Skal vi førebyggje dette, må vi byrje lenge før det første ranet eller valdshandlinga. Om vi på alvor vil få stopp på ungdomsvalden, må styresmaktene setje inn tiltak som vi veit verkar. Vald mot barn må avdekkjast og stoppast. Helsestasjon og barnehage er dei første som møter barna utanom familien. Dei er i ein unik posisjon til å fange opp og varsle, om dei faktisk får kunnskap, tid og ressursar til dette. Kommunar som strammar så hardt inn på budsjetta at heimebesøk blir avlyst, risikerer at vald ikkje blir oppdaga. Då vil valden heller ikkje kunne stansast.

Førebygging handlar om å komme tidleg nok inn med rett støtte – på helsestasjonen, i barnehagen, på skulen – og gjennom foreldreprogram, før utfordringar utviklar seg til vald i heimen. Skal vi stoppe valden mot barn, må vi starte med å oppdage, hjelpe og verne dei aller minste. Det er her grunnlaget for gode liv blir lagt.

Barneombod Mina Gerhardsen

Powered by Labrador CMS