Fascinerande suksess

I dagens avis kan du lese om Engeset Trehytter, som har bak seg ein formidabel sesong. Minihyttene i Engesetåsen har vore ein stor suksess sidan den første hytta kom på plass i 2017. Gründerane Olav Aabrekk, Jan Roger Engeset og Preben Moen er no i ferd med å byggje hytte nummer tre, ei hytte som skal vere universelt utforma.

Ifølgje trioen er gjestene, som ofte er langvegsfarande, storfornøgde. – Vi trur det kjem av utsynet, naturen og omgjevnadene. I tillegg er hyttene fine og veldig komfortable med varme i golvet og alle fasilitetar med unntak for at gjestene må lage maten sjølv, seier dei og legg til at det er ein trend at folk i større grad no enn før ønskjer spesielle opplevingar.

Vi synest det er fascinerande og flott at konseptet med små trehytter er blitt ein vinnar, ikkje berre her i Gloppen, men også mange andre stader i landet. Det er i tida at mange no søkjer noko meir spesielt enn eit «vanleg» hotellrom når dei er på reise, og ei natt eller to i ei minihytte der ein kan vakne til eit fantastisk utsyn, er ei stor oppleving for dei som er vande med noko heilt anna i det daglege.

Minihyttene byr på nærleik til naturen, kan gje flotte opplevingar tett på fuglar og dyr, krev ikkje store terrenginngrep og kan fjernast utan at det blir varige sår i området dei har vore plasserte. Alt dette taler for at konseptet bør bli og kjem til å bli vidareutvikla i åra framover.

Vi trur trehytter à la dei på Engeset etter kvart vil dukke opp mange stader. Det blir sjølvsagt spennande å sjå om marknaden blir metta, og om publikum over tid vil halde fram med å søkje til tilbodet i like stor og større grad enn i dag, men mykje ligg i alle fall til rette for vidare vekst og utvikling.

Og populære tiltak som blir vidareutvikla, pleier å ha lang levetid…

Nærmar seg vernebygg

Mot berre éi røyst gjekk Gloppen formannskap onsdag inn for at kommunen skal bidra med ti millionar kroner på eigarsida i eit verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta. Saka skal også opp i kommunestyret, men ut frå stemninga i formannskapet tyder alt no på at Gloppen bidreg med sin del i prosjektet som skal vere eit spleiselag mellom stat, fylke og kommune.

Frå statleg hald er det allereie løyvd 11,0 millionar kroner, så no er det opp til fylkespolitikarane å fullfinansiere det høgst nødvendige bygget som vil sikre den unike jekta for framtida.

Vi stiller oss heilt og fullt bak formannskapet si tilråding, og håpar og trur at Vestland fylkeskommune også kjenner på eit stort ansvar for å ta vare på det fantastiske kulturminnet. Det vil nærast vere ein skandale om Holvikejekta går tapt fordi ein ikkje har råd til å berge henne.