
Er vi på veg mot nådestøyten for folkehøgskulane?
Det er få som angrar på eit år på folkehøgskule, og mange menneske kan fortelje om stor personleg vekst. I tillegg kjem viktig læring rundt det å vere menneske og det å fungere i fellesskap med andre. Folkehøgskulen har ei stolt historie, og kviler på «Grundtvigs tanker om skole, samfunn og pedagogikk, en del av kampen for folkestyret, for parlamentarisme, landsmål, unionsoppløsning, avholdssak og allmenn bondereisning» (nettsida til frilynt folkehøgskule).
Også i dag er dette ei svært verdifull utdanning, sjølv om verdien av den kanskje ikkje er så lett å måle, med samfunnet sitt fokus på progresjon og studiepoeng. I folkehøgskulemeldinga i 2022 vart det peika på at det burde vere eit mål å få opp talet elevar med kulturell minoritetsbakgrunn, nettopp fordi dette gjev viktig livserfaring og utdanning. Frå før har folkehøgskulerørsla gjort ein verdifull innsats med å inkludere menneske med funksjonsnedsettingar. Det å møtast på tvers og leve tett på menneske som er annleis enn dei du frå før av har, som familie og vener, er bra for deg og bra for samfunnet. Og gjennom eit slikt år kan unge menneske bli tryggare på framtidige val på utdanning og yrke.
Regjeringa sitt statsbudsjett er i denne samanheng opprørande lesing. Her blir det dyrare å gå på folkehøgskule, då andelen lån som blir omgjort til stipend, er gått ned frå 40% til 15 %. Det blir argumentert med at dette skal korte ned tida ungdom brukar på utdanning, og at det skal likestillast med eit årsemne i høgskulesystemet.
Det som Regjeringa foreslår, vil svekke folkehøgskulen på mange måtar. Skuleslaget blir meir for dei med god råd, og det blir neppe fleire elevar med minoritetsbakgrunn på denne måten. Regjeringa bidrar dessutan aktivt til å senke verdien av å gjere ting i utdanningssamanheng som ikkje er så lett å måle. Det kan vere å prøve ut nye interesser, erfare nye deler av landet, treffe andre unge som er heilt annleis enn ein sjølv, bli tryggare på seg sjølv og dei vala ein gjer i livet.
Frå før av, har eit ganske breitt stortingsfleirtal også teke frå folkehøgskulutdanning sitt høve til å telje som tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanningsprogram. Til saman kan det sjå ut som målet frå dei som styrer, er å ta livet av ein del folkehøgskular. I Vestland har vi 13 folkehøgskular, men ingen skular å miste.
I ei tid der mange unge menneske slit, tek ein vekk eit skuleår som for mange er kanskje det beste året i livet. Og ein tek vekk noko som bidrar til at fleire blir deltakarar i staden for tilskodarar, i fellesskapet. Vi som samfunn må snakke opp og legge til rette for slik læring og slike fellesskap. Vi får håpe Regjeringa snur.
Åsta Årøen,
gruppeleiar for Vestland Venstre si fylkestingsgruppe