Rita Tonning.

Energipolitisk uføre

Raudt støttar Nei til EU sitt krav om stans i innføring av nye energiregler frå EU i Noreg. Raudt var ein del av det mindretalet på Stortinget som nyleg stemte mot innføringa av fornybardirektivet, byningsenergidirektivet og energieffektivisreingsdirektivet. Dessverre var det eit fleirtal sett saman av Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre, KrF og MDG som røysta desse EU-direktiva igjennom. 

Raudt vil halde fram med å kjempe for ein maksismalpris på straum på 35 øre per kilowattime, samt eit lovfesta tak på nettleiga. Vi må få tilbake nasjonal og politisk kontroll og styring av både kraftpolitikken og straumprisen, slik at alle får ein straumpris som det går an å handtere, og vi må trekkje Noreg ut av EUs energibyrå ACER.

Det er ikkje berre på energifeltet at EU-systemet har hatt, og har, alt for stor påverknad på norsk politikk. Til dømes har vikarbyrådirektivet gjort det vanskelegare å kjempe imot sosial dumping av løn- og arbeidsvilkår i arbeidslivet. EU har dessutan nyleg vedteke eit nytt direktiv for vatn og avløp, med strengare krav til rensing. I europeiske storbyar og tettbefolka område er det nødvendig med strengare krav til rensing. I Noreg er det mange stader lenger imellom husa, her er EUs krav heilt unødvendig og vert dessutan ekstremt dyrt for kommunane som vil måtte gjennomføre dyre investeringar i kommunane sitt vatn- og avløpsanlegg, med mindre Stortinget tar i bruk reservasjonsretten og legg ned veto mot dette direktivet.

Problemet er at stortingsfleirtalet ikkje vil nytte den retten som Norge har til å reservere seg frå regelverk som kjem frå EU gjennom EØS-avtalen. Raudt støttar alle krav om veto mot skadelege direktiv, men vil òg få ein slutt på straumen av skadelege direktiv ved å få Noreg ut av EØS.

Den skadelege EU-tilpassinga går sin gang, på trass av nei-sigrane i folkerøystinga om norsk medlemskap i EF i 1972 og folkerøystinga om norsk medlemskap i EU i 1994. Ei fersk meiningsmåling frå Norstat syner at 56 prosent i Sogn og Fjordane seier nei til norsk medlemskap i EU. Raudt Sogn og Fjordane er samd med dette fleirtalet, og vil kjempe for at EU-motstanden blir representert på Stortinget òg etter stortingsvalet i år.

Rita Tonning, 

1. stortingskandidat for Raudt Sogn og Fjordane

Powered by Labrador CMS