– Det må ei bygd til for å halde ei bygd

Eg har ein son. Han heiter Lavrans, og er snart ni månadar gamal. Han har nett lært å sitje seg opp sjølv. For ei bragd! Det er lenge til Lavrans skal søkje seg inn på vidaregåande. Først må han lære seg å gå, og han må lære seg å snakke. Føre seg har han formative år i barnehagen og ein lang karriere i grunnskulen. Før ein veit ordet av det kjem dagen han skal søkje seg inn på vidaregåande. Han bør få sjansen til å søkje seg inn der han vil, på den lina som fengjer mest.

For eit par år sidan flytta vi frå Bergen til Sandane, mannen min og eg. Han lokka med gull og grøne skogar, fjell og fjord. Ei distriktsperle med alt på ein plass. Trivselsskog. Trivselshage. Trivselshall. Store lovnader om trygge og gode oppvekstvilkår for våre framtidige born. Her kan dei utfalde seg i naturen, musikken og idretten. Her er skular med alle trinn. På rekkje og rad, bokstaveleg talt. Barneskule, ungdomsskule, Firda.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Skal du jobbe på Firda landsgymnas?». Eg kunne sjå ærefrykta i auga til kollegaen min på Sotra. Ein gamal ringrev i læraryrket. For det går gjetord om Firda vidaregåande skule. Det vert snakka om eit solid fagmiljø, med brei fagleg og pedagogisk kompetanse. Om ein skule som ser heile eleven. Ein skule som over tid har bygd opp eit heilskapleg tilbod til ungdommane våre. Open skule. Studiekafé.

Firda vidaregåande skule er arbeidsplassen min. Kvar einaste dag får eg vitne arbeidet som vert lagt ned på skulen. Det er ikkje tid til å kvile på laurbæra! Kvar einaste dag får eg bruke tida mi med ungdommane våre, og kvar einaste dag ser eg kor viktig skulen er for dei. Her byggjer dei relasjonar, som vert viktige nettverk seinare. Firda er eit springbrett ut i verda. Eit springbrett til studietida, til ny kunnskap og nye erfaringar. Firda er eit springbrett for sjukepleiarane, advokatane, lærarane. Forhåpentlegvis tar dei med seg denne kunnskapen tilbake til bygdene. Det er vår jobb å sørgje for at dei kjem heim igjen til ei livskraftig bygd!

Forslaget om å leggje ned studiespesialiserande ved Firda vidaregåande skule vil få store konsekvensar for ungdommane og borna våre. Det vil svekkje fagmiljøet ved skulen. Det vil svekkje lokalsamfunnet. Det vil svekkje bygda. Måndag er det frist for å sende inn høyringssvar til fylkesutvalet. Alle kan svare på høyringa, både privatpersonar og organisasjonar. Eg oppfordrar alle til å sende inn høyringssvar. For ungdommane våre.

Sonen min heiter Lavrans, og han er snart ni månadar gamal. Det er lenge til Lavrans skal søkje seg inn på vidaregåande. Han skal få søkje seg inn der han vil, på den lina som fengjer mest. Han bør få sjansen til å søkje seg inn der han vil, og han bør ha eit bredt opplæringstilbod her han bur. Kanskje han kjem tilbake til bygda ein gong? Det er vår jobb å sørgje for at han kjem heim til ei livskraftig bygd!

Julie Marlen Børmo