Rune Hegrenes, Sp, er ein av ni gruppeleiarar i Sunnfjord kommune som i dag kjem med ein felles uttale. Arkivfoto

Det handlar om tillit

Alle gruppeleiarane i Sunnfjord kommune med felles uttale.

I det siste har Firda satt søkelyset på korleis ting står til ved Førde omsorgssenter, og det er bra at media følgjer med på det som skjer i kommunen vår. Men media må ta omsyn til einskildpersonar og korleis det dei skriv påverkar. Det gjeld særleg når det kjem til å ta vare på enkeltpersonar og presentere saker på ein rettferdig måte.

Vi opplever at dekninga til Firda har vore særs einsidig. Ei sak har alltid fleire sider og vi meiner det blir drege slutningar som vi ikkje kan sjå det er dekning for. Det i seg sjølv er alvorleg og får konsekvensar for mange, både tilsette, brukarar av tenestene og deira pårørande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette dreiar seg ikkje om partipolitikk. Det handlar meir om tillit. Tillit til at vi alle siktar mot det same målet. Ja, vi veit at det er utfordringar ved Førde omsorgssenter. Men vi har trua på at både dei tilsette og innbyggarane melder frå når det trengs. Denne typen tilbakemeldingar er gull verdt for oss, for det gir oss ein sjanse til å bli betre. Og det er alltid rom for forbetring.

Vi forventar og har full tillit til at leiinga, på kvart einaste nivå, grip tak i desse tilbakemeldingane. Kommunedirektøren har stadfesta dette for oss, så seint som i dag. Nokre utfordringar er allereie løyste, andre er vi i gang med. Men vi tar tak i alt, for målet er at alle skal føle seg trygge. Trygge på at saker blir handterte, og trygge på at det kvar dag blir jobba hardt for å yte gode tenester.

Målet er alltid å bli betre og den beste måten å gjere det på er å stå saman, jobbe saman og gjere kvarandre gode.

Rune Hegrenes, Gruppeleiar Sp

Henrik Nordal, Gruppeleiar Ap

Anne Lilleaasen, Gruppeleiar H

Åsmund Berthelsen, Gruppeleiar Sv

Gunn Merete Paulsen, Gruppeleiar V

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjarte Buttedal, Gruppeleiar INP

Frode Molnes, Gruppeleiar FrP

Marius Dalin, Gruppeleiar MDG

Marcin Fojcik, Gruppeleiar KrF