
- Beredskap er meir enn forsvar, Svenneby!
5. mars vakna heile Vestlandet til regn. Medan Yr melde tresifra nedbørsmengder og alle tenkelege farevarsel for det komande døgnet, melde unge Høgre sin leiar Ola Svenneby at klimapolitikk må vike for forsvarspolitikk. Det er eit merkeleg utspel.
Den sikkerheitspolitiske situasjonen er meir uroleg enn dagens ungdom nokon gong har opplevd. Det understrekar sjølvsagt viktigheita av at vi styrkar vår beredskap.
Det Svenneby verkar å gløyme, er at beredskap handlar om meir enn forsvar.
Beredskap handlar òg om trygge og framkomelege vegar. Beredskap handlar om stabil straumforsyning. Beredskap handlar om at vi har folk som bur, produserer mat og stiller opp for kvarandre i heile landet.
Alt dette vert utfordra av stigande temperaturar og meir ekstremvêr.
I 2024 registrerte FN for første gong over 122 millionar flyktningar og fordrivne menneske i verda. Krig og konflikt er framleis hovudårsaka, men klimaendringane bidreg i aukande grad til at folk må forlate heimen sin.
Ingen veit kvar og når neste krisesituasjon vil oppstå.
Før mars 2020 var dei færraste førebudd på at landet vårt skulle stengast ned grunna pandemi. At presidenten i USA skulle sjokkere i den grad han har gjort i løpet av berre få veker i embetet, hadde vi heller ikkje sett føre oss.
Poenget er: vi veit ikkje kvar eller når neste overrasking kjem, ei heller kva den vil vere. Det vi veit, er at trusselbiletet er uoversiktleg og at eit sterkt forsvar vil gjere oss betre rusta til å handtere det som måtte oppstå.
Men vi kan styrke forsvaret vårt så mykje vi vil – utan mat og drikke duger soldaten likevel ikkje.
Difor må vi ha meir enn éin tanke i hovudet på éin gong når vi snakkar om korleis vi organiserer oss best mogleg for krisesituasjonar. Difor er klimapolitikk også beredskap.
Emma Berge Ness,
ungdomskandidat Sogn og Fjordane Senterparti