Erlend Herstad.

Arbeidarpartiet sviktar Sogn og Fjordane

Kva skjedde med Arbeidarpartiet?

Vi fekk kanskje eit forvarsel i februar då Jonas Gahr Støre skifta ut fire statsrådar frå Vestlandet og sette inn fire frå Oslo Vest.

I etterkant har Arbeiderpartiet kome med det eine etter det andre angrepet på kysten og distriktsområda.

Mange Ap-veljarar er skuffa, og fleire lokallag varslar om utmeldingar. Det er forståeleg.

I forslaget til statsbudsjett varsla Arbeiderpartiet at dei ville ta frå mange innbyggarar i Sogn og Fjordane ordninga med nedskriving av studielån.

For eit nyetablerarpar med studielån ville det kunne bety ei svekking av familieøkonomien med 50 000 kroner.

Dei ville ta ifrå folk langs kysten gratisferjene og dermed pålegge folk og næringsliv store ekstrakostnader.

Berre veker før hadde dei bedt veljarane stemme Ap nettopp for å sikre dei same ordningane.

Men det stoppa ikkje der.

Stad Skipstunnel skulle skrotast, og samtidig fann regjeringa fram att planane om å utvide regjeringskvartalet i Oslo med to nye bygg som var lagt til side for to år sidan fordi dei har vore sett på som unødvendige å bygge.

Småkraftverka langs Vestlandskysten skulle påleggast ei dramatisk skatteauke som Arbeiderpartiet berre månader før hadde sagt var uaktuelt.

Folkehøgskulane i Førde, på Nordfjordeid, i Sogndal og på Sandane er sett i fare, gjennom forslaget om kutt i stipendandelen,

Det sa Arbeiderpartiet heller ingenting om i valkampen. Samtidig er det ingen teikn til at Ap vil gripe inn mot den dramatiske nedbygginga av tilbod ved lokalsjukehusa i Nordfjord og Sogn.

På toppen av dette oppstår det usikkerheit kring om rutekutt i flytilbodet ved alle flyplassane i fylket og om kystruta skal kutte Florø og Måløy som stoppestader.

Også dette får skje utan at Arbeiderpartiet går ut og stadfestar at det er uaktuelt.

Ein skulle tru at Ap i det minste prioriterte ei monaleg auke til skular og eldreomsorg i kommunane, men heller ikkje kommuneøkonomien blir prioritert.

I staden uttaler finansminister Stoltenberg at han synes kommunane har nok midlar. Det er ei krevande melding å få for alle dei som ønskjer å skape ei god eldreomsorg og ein god skule i kommunane våre.

Summen av alt dette vil vere ei stor nedbygging av tilbodet til folk i Sogn og Fjordane.

For Senterpartiet handlar det no om å mobilisere folk mot alle desse distriktsfiendtlege tiltaka og for ein politikk som utviklar og ikkje avviklar Sogn og Fjordane.

Helsetilbodet til folk må styrkast og ikkje byggast ned, fly- og ferjetilbodet må bli betre – ikkje reduserast.

Og tiltak som fremmar vekst og utvikling i bygdene og tettstadane våre må satsast meir på – ikkje mindre.

Ikkje minst treng vi å styrke kommuneøkonomien slik at vi kan tilby ei verdig omsorg til våre eldre, og ein god skule og barnehage til borna.

Bli med oss i kampen for levande lokalsamfunn i heile Sogn og Fjordane.

Erling Sande, stortingsrepresentant Sogn og Fjordane Senterparti

Erlend Herstad, fylkesleiar Sogn og Fjordane Senterparti

Powered by Labrador CMS