– Formålet vårt er å samle og spreie kunnskap om bre og klima, på same tid som vi vil gje gjestane våre ei oppleving, seier direktør Anne Mundal Skjelten.

– Vi er ikkje eit statisk museum, her skjer det stadig noko nytt

Det teiknar til å bli ein hektisk sesong for Norsk Bremuseum i Fjærland.

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er eit autorisert besøkssenter for Jostedalsbreen Nasjonalpark, og opna dørene for første gong i 1991.

Det velrenommerte museet ligg rett ved riksveg 5, ved avkøyrsla inn til Fjærland sentrum. Med breen i ryggen og med panoramautsikt til Fjærlandsfjorden og fjella rundt, er koplinga mellom det ein finn inne i museet og ramma rundt sterk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samle og spreie kunnskap

Utstillingane i museet fokuserer på samspelet i naturen og mellom natur og menneske, og rommar både interaktive modellar og eksperiment, mellom anna med ein ekte bit av bre-isen. Den interaktive klimautstillinga er ifølgje direktøren svært populær med dei yngste.

– Formålet vårt er å samle og spreie kunnskap om bre og klima. Korleis breane har skapt landskapet, kvifor fjorden er grøn, rett og slett alt som har med naturgeografien og glasiologien å gjere. I tillegg vil vi sjølvsagt gje folk opplevingar medan dei er her, seier museumsdirektør Anne Mundal Skjelten.

Ny panoramafilm

Ho trekk fram den nye panoramafilmen om Jostedalsbreen som vart laga i 2020 som ein av hovudattraksjonane.

Filmen er laga av lokale krefter i Sogndal, og er 15 minuttar lang.

– Den blir vist på Europas største saumlause panoramalerret, og er ei oppleving i seg sjølv. Filmen viser spektakulære bilete frå heile Jostedalsbreen Nasjonalpark, og vi er veldig stolte av han.

360° utsikt: På taket av Bremuseet har ein orkesterplass til breen si ferd gjennom landskapet. – Her oppe får du ein mektig kjensle av korleis breen har jobba med å grave ut dalen og fjorden, seier Mundal Skjelten.

Ikkje statisk

Ho fortel at dei stadig jobbar med utvikling og nyskaping i museet.

– Bremuseet har vore her i 32 år, men vi er i aller høgste grad ikkje statisk. Vi brukar alt overskotet vårt på å bli betre og lage nye ting, heile tida, understrekar ho.

Det er mange nasjonalitetar som har tatt turen under det karakteristiske overbygget inn til museumsdørene i Fjærland, og på vårparten hadde 20 ulike nasjonar besøkt museet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har ganske god statistikk på kvar gjestane våre kjem frå, og i fjor var det til saman 90 nasjonalitetar innom dørene. Det synest vi er veldig flott, smiler ho.

Kaffi med mammutane – Dei er veldig populære med både store og små.

Arkitektur og mammutar

Og det er ikkje berre innsida av bremuseet som appellerer til gjestane. Bygget er teikna av den prisvinnande arkitekten Sverre Fehn, og er ein populær destinasjon for både norske og utanlandske arkitekturstudentar.

– Vi har fleire grupper gjennom året som legg studieturen innom oss.

I tillegg kan museet skilte med tre ganske imponerande maskotar.

– Det er veldig populært hos både store og små gjestar å klatre på og ta bilete av mammutane.

Internasjonalt

Dei tar i mot gjestar frå april til oktober, men allereie i mars var det stor pågang frå både inn- og utland. Saman med reiselivet i Fjærland jobbar dei no med å utvide sesongen.

– Vi ligg ganske langt framfor fjorårs sesongen, og vi nærmar oss slik det var før koronaen kom, opplyser ho.

Samarbeid er viktig for Mundal Skjelten, både med dei andre nasjonalparkmusea, og med reiselivet i Fjærland og omland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi samarbeider godt med reiselivet her i Fjærland, og vi har verkeleg trua på å dele både turistar og idear med andre aktørar i distriktet òg. Det trur eg vi alle tener på i lengda. Reiselivet i Sogn og Fjordane har så mykje å by på, og saman kan vi gje gjestane ei unik oppleving, slår ho fast.