Forfatter Jon Fosse utanfor Grotten i Oslo. Han fekk Nobels litteraturpris i 2023. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Tre sentrale nynorsk-forfattarar kunne fått nobelprisen i litteratur

Jon Fosse sa då han fekk Nobels litteraturpris at prisen òg var ein heider til det nynorske språket. Gjennom historia har fleire nynorske forfattarar vore aktuelle for Svenska Akademien, og ein av dei kom så langt som nesten å vinna.

Ein må ha budd under ein stein om ein ikkje har fått med seg at Jon Fosse fekk tildelt Nobels litteraturpris i fjor. Fosse-feberen har smittande effekt og mange vil no fordjupa seg i verka hans.

Fosse var snar med å dedikera prisen til nynorsken og målrørsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For nynorsken som språk er eg veldig glad. Meir det enn på eigne vegner, tru meg, har Fosse tidlegare sagt.

Fosse er den fyrste nynorskforfattaren som har fått prisen. Men han er ikkje den fyrste nynorskforfattaren som har blitt nominert for Svenska Akademien. Fleire store namn har tidlegare blitt vurderte av dei.

Hamsun versus Garborg

– Arne Garborg blei nominert til litteraturprisen i 1902 i lag med både Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson som dei fyrste nordmennene. Det viser òg at nynorsken har vore med heilt frå byrjinga av, seier formidlar og informasjonansvarleg Ørjan Zazzera Johansen ved Garborgsenteret til Nynorsk pressekontor.

Johansen har gjort eit stort stykke gravearbeid i litteratursoga og nobelarkiva. Garborg skreiv fleire verk som selde godt både i Noreg og internasjonalt. Han vart også nominert til nobelprisen i litteratur seks gonger. I 1920 segla han opp som favoritt hjå Svenska Akademien med romanen «Fred». Han konkurrerte mot «Markens grøde» av Knut Hamsun. Hamsun og Garborg representerte kvar si side av målsaka.

– Når ein les aviser frå den tida, så ser det ut til at Noreg var ganske splitta i synet på kven som burde få prisen, seier Johansen.

– Me har funne fleire avisartiklar, og det kan verka som om det nesten har vore ein duell mellom dei to. Hamsun skreiv i eit brev til kunsthistorikar Harry Fett at han ønskte å sleppa å dela nobelprisen med ein nynorskforfattar.

No enda det med at Hamsun og «Markens grøde» fekk prisen det året. Men Garborg fekk ei form for «trøystepremie».

Ei gruppe engasjerte målungdommar sette i gang ein stor innsamlingsaksjon. Garborg fekk ein medalje, ein hest og 104.000 kroner i folkegåve. Ifølgje Garborgsenteret, svarar det i dag til rundt 3 millionar kroner. Med tida enda medaljen opp på auksjon. I dag veit ein ikkje kven som eig han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Olav Duun tett på sigeren

Olav Duun frå Jøa i Trøndelag er kjend for fleire verk. Blant dei mest kjende bøkene hans er "Medmenneske"-trilogien og "Juvikfolke". Det var "Juvikfolke" som skulle få Duun nominert til Nobels litteraturpris. Mellom 1924 og 1939 blei han nominert meir eller mindre kvart år, og blei i sum nominert 24 gonger.

- I 1926 var han berre éi stemme nær ved å få han, fortel Olav Duun-kjennar Einar Vannebo.

Det ville seg slik at prisen gjekk til iren George Bernard Shaw det året.

- Noko av det som kjem fram i dokumenta til Svenska Akademien er at språkforma talar mot at Duun skal få prisen. Nokre av komitemedlemmane hadde problem med å forstå nynorsk, seier Vannebo.

- Til liks med andre «måldiktarar» i Samtids-Noreg har Duun det særskilde tungemålet som vel berre for landsmennene hans er fullt forståeleg, skreiv akademimedlemmane i ei fråsegn i 1924.

Sjølv om Duun ikkje kom frå nokon nynorskkommune sjølv, stod språket likevel sterkt i heimfylket hans Nord-Trøndelag før krigen. Han byrja å skriva nynorsk etter eit opphald på lærarskulen i Levanger.

– Allereie i 1898 tok Sparbu i Trøndelag i bruk nynorsk som skulemål, og ein såg ein jamn framgang for nynorsken i fylket frå hundreårsskiftet fram mot krigen. Men i dag er det ingen kommunar igjen i Trøndelag som har nynorsk i skulen, seier Vannebo.

Vesaas og dei mange nominasjonane

Ein annan nynorskforfattar som har blitt nominert til Nobels litteraturpris er Tarjei Vesaas frå Vinje i Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vesaas har blitt nominert betydeleg fleire gonger enn både Olav Duun og Arne Garborg. Ifølgje Nobelarkiva blei han mellom 1946 og 1970 nominert 57 gonger. Riktig nok blei han nominert om att og om att av dei same personane.

Verka til Tarjei Vesaas har blitt omsette til fleire språk. Nokre av dei mest kjende verka hans er "Fuglane", "Is-slottet" og "Bruene". Nobelprisen i litteratur vann han ikkje, men han fekk Nordisk råds litteraturpris for "Is-slottet".

Hemmeleg i 50 år

Når det gjeld andre aktuelle Nobel-nominerte nynorskforfattarar er det vanskeleg å seia noko som helst. Til og med om Jon Fosse, sjølv om det var i fjor han vann prisen.

Svenska Akademien følgjer nemleg eit strengt regelverk som gjer at dei ikkje kan offentleggjera noko frå arbeidsdokumenta til kandidatforslag og fråsegner før femti år etter dei har blitt kjende.

Det vil seia at det vil gå femti år før vi får veta kor mange gonger mellom anna Jon Fosse har blitt nominert.

*Oppkalla etter den svenske kjemikaren, ingeniøren og oppfinnaren Alfred Nobel. Nobels siste ønske var at formuen hans skulle gå til å etablera prisen, og at han blei delt ut til dei som hadde gjort dei største framstega for menneska.

*Når det gjeld Nobels litteraturpris er det Svenska Akademien som er ansvarlege for utvalet av prisvinnarar, og juryen består av 18 medlemmer. Nobelkomiteen evaluerer nominasjonane og presenterer anbefalingane deira for Akademien.

*Svenska Akademien blei skipa i 1786 av kong Gustav III av Sverige. Føremålet med akademiet var å reindyrka og styrka det svenske språket.

Artikkelen held fram under annonsen.

*Jon Fosse er den fyrste nynorskforfattaren som har vunne Nobels litteraturpris. Både Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun og Sigrid Undset har fått prisen tidlegare.

*Det finst også nobelprisar i fysikk, kjemi, medisin og fredsarbeid.

(©NPK)

Arne Garborg var ein flittig forfattar og samfunnskritikar. Han blei nominert til Nobels litteraturpris seks gonger. Det var tilspissa debatt om det var han eller Knut Hamsun som burde få prisen. Som historia fortel oss, blei det ingen nobelpris på Garborg, men målfolk gjekk til innsamling for å gje han ein heilt spesiell medalje. Foto: Anders Beer Wilse / Nasjonalbiblioteket / NPK
Arne Garborg vann aldri Nobelprisen, men han fekk likevel medalje. Medaljen var ei gåve frå ei gruppe engasjerte målfolk. I tillegg fekk han òg ein hest og 104.000 kroner. Foto: Garborgsenteret / NPK
Tarjei Vesaas og kona Halldis Moren Vesaas. Begge to er anerkjende forfattar både i den norske og den internasjonale bokheimen. Foto: Nasjonalbiblioteket / NPK
Olav Duun blei fødd på Jøa i Trøndelag. I dag ligg staden i Namsos kommune. Då Duun vaks opp stod landsmålet/nynorsken sterkt i det gamle fylket Nord-Trøndelag. "Juvikfolke" var det litterære verket han blei nominert for. I sum blei Duun nominert 24 gonger til Nobels litteraturpris. Foto: Anders Beer Wilse / Nasjonalbiblioteket / NPK
Her på Börshuset i Stockholm held Svenska Akademien til. Det er dei som vel kandidatane til Nobelprisen i litteratur. Foto: Rickard L Eriksson / NPK