
Tek imot listetoppane på Sandane
Stortingskandidatane frå Sogn og Fjordane møtest til politisk debatt under Sandanedagane søndag.
Det er ein tradisjon at det blir arrangert ein politisk debatt under Sandanedagane dei åra det er valår, og søndag ettermiddag møtest stortingskandidatane på Heradsplassen.
Skal få fram forskjellane
Til Sandane kjem Stig Even Søvik Lillestøl (FrP), Marius Dalin (MDG), Audun Mundal (Partiet Sentrum), Rita Tonning (Raudt), Erling Sande (Sp), Hege Lothe (SV), Alfred Bjørlo (V), Olve Grotle (H), Jonatan Hurthi (KrF) og Torbjørn Vereide (Ap).
Debatten blir leia av Lars Endre Gimmestad. Han fortel at arrangøren ikkje har invitert listetoppane frå dei mindre partia med unntak av Partiet Sentrum, som har førstekandidat frå Gloppen. Gimmestad ser fram til å leie debatten.
- Det gler eg meg til. Det er ei ny utfordring. Eg har ikkje vore debattleiar før i ein slik samanheng, men eg trur det skal gå fint. Det handlar mest om å lese seg opp på partiprogramma, så er rolla først og fremst at kandidatane kjem til orde og får fram sine hjartesaker, at ein stimulerer til ein god diskusjon og får fram forskjellane.
Vil spørje om lokale saker
Gimmestad vil også trekkje ut nokre tema for debatten. Sjølv om det er stortingsval, ønskjer ein òg å få med saker med lokal relevans.
- Politikarane skal forvalte nasjonen, men også vere våre stemmer inn mot sentralmaktapparatet. Då må vi høyre korleis lokale saker som folk er opptekne av her, blir varetekne, seier Gimmestad, som også håpar det blir høve til å opne for spørsmål frå publikum.