
Stor avslutningsgalla på Sølvane Gard
På Sølvane Gard i Kandalen har dei landets einaste operatelt. I heile sommar har her vore flotte kulturarrangement kvar laurdag, og midt under Sandanedagane, laurdag 15. august, er det klart for stor avslutningsgalla.
Ein sommar er snart over, i operateltet i Kandalen skal den syngast ut på aller beste vis når dei inviterer til avslutningsgalla med strålande program, god mat og herleg stemning i teltet sitt. Gjester er sopran Caroline Wettergren, ein av Noregs mest ettertrakta songarar, baryton Magnus Berg og pianist Andreas Løken Taklo. I tillegg vil sjølvsagt Sølvane Gard si eiga operastjerne, Eivind Kandal, vere med.
Eivind er saman med Torstein Kollevåg dei to gründerane bak den storstila satsinga på Sølvane Gard, som m.a. omfattar overnattingstilbod, restaurant, gardsutsal, tilbod om selskap og store kulturarrangement gjennom året. I tillegg driv dei Sølvane Matbar på Sandane, som også vil ha eit kulturtilbod på fredagen under Sandanedagane.
I år var det ekstra spenning framfor sommaren, etter at dei på grunn av brannforskrifter og andre reglar i fjor haust ikkje lenger fekk dispensasjon for å ha arrangement i den gamle låven på garden. Dei måtte finne ei mellombels løysing medan dei jobbar vidare med planane for låven, slik at den vert godkjent for slike arrangement. Løysinga vart eit stort, profesjonelt telt med «mykje lys og mykje varme».
- Vi er sikre på at dette vert veldig bra, vi trur folk kjem til å trivast her, sa Eivind og Torstein til Firda Tidend då avisa besøkte dei like før opningsgallaen den 28. juni.
Og det var akkurat slik det gjekk. Det var skikkeleg grisevêr ute med regn og vind som piska mot dei store vindauga i teltet. Men inne var det lunt, koseleg og ei herleg stemning, var tilbakemeldinga etter opningsfesten.
- Og slik har sommaren vore, det har vore mange kjekke opplevingar, fortel Eivind og Torstein, som inviterer til den åttande og siste kulturkvelden for i sommar i operateltet i Kandalen.
Det er berre å glede seg for dei som tek turen til operabygda under Skjorta.