
Slik blir Sandanedagane 2025
Sandanedagane byr på loppemarknadar, aktivitetar i sentrum, konsertar og god stemning.
Dei tradisjonsrike Sandanedagane blir arrangert helga 15.-17. august, like før skulestart.
I årets program er det mange kjende og populære Sandanedagane-innslag, som loppemarknad, eit rikhaldig mattilbod i sentrum og gudsteneste på Heradsplassen søndag.
- Det blir yrande folkeliv. Det er den gode, lune stemninga folk kjem for, og for å treffe kjentfolk i sentrum. Ein kan også gjere ein god handel i butikkane, seier Reidun Elvebakk i Sandanedagane-komiteen.
Mange aktivitetar
Gloppen padleklubb, Nordfjordbåtlaget og Sandane Golfklubb er med på å skape aktivitet ved gjestebrygga, og i sentrumsgatene blir det aktivitetar for både små og store. Ein kan mellom anna få prøve ansiktsmåling, hesteriding, spele sjakk eller vere med på andre leikar og spel i Øvregata.
Det blir også fleire konsertar under Sandanedagane, både på Heradsplassen og i kultursalen.
- Det er litt for ein kvar smak, song, musikk, dans, leik og buer, seier Elvebakk.
Dei som vil teste forma, får også høve til å gjere det, mellom anna i ein stakekonkurranse ved Fjordboxen. Søndag blir det sentrumsvandring. Her presenterer Gloppen Sogelag særprega hus på Sandane.
- Det er ikkje nytt av året, men det er ei ny løype, fortel Elvebakk.
Loppemarknaden til Lopperiet er alltid populær, og blir eit tilbod under heile Sandanedagane-helga. I fjor vart denne supplert med eit nytt tilskot i Øvregata, der folk kunne selje eigne lopper.
- Der kan folk selje klede eller andre ting. Vi har satsa litt i sporet med gjenbruk. Det var populært i fjor, og det blir også i år, seier Vegar Sårheim, som også er i komiteen.
- Kjekt å vise kommunen frå si beste side
Tradisjonen tru blir det fleire utstillarar å sjå i sentrumsgatene, og butikkane har utvida opningstider og stiller med ulike tilbod.
Sårheim fortel at programmet er basert på erfaringar frå tidlegare år.
- Vi prøver å kome med nye programinnslag, men vi har funne malen vår. Vi får gode tilbakemeldingar frå fastbuande og tilreisande som synest det er triveleg å kome til Sandane. Dei opplever handelsstanden som litt annleis enn andre stader, med mindre butikkar og ein koseleg atmosfære, seier han.
- Kva betyr det å ha slike dagar?
- For det første er det viktig for butikkane våre på Sandane. Her er ganske mange tilreisande, mange frå nærområdet, men også frå mørekanten og kysten. Dette er helga før skulane begynner, så ein del hybelbuarar kjem og har kanskje med seg foreldra sine. Det er kjekt å vise kva handelsstanden kan tilby og vise kommunen frå si beste side, seier Sårheim.