
Med leik og energi i fokus
Med energi og leik i fokus inviterer Sogn og Fjordane Energi på nytt femte-, sjette- og sjuandeklassingar til Energikampen under Sandanedagane. Vinnarlaget får skuletur til ViteMeir i Kaupanger i Sogn.
Etter nokre års pause var Energikampen tilbake på Sandanedagane i fjor. Det må ha gjeve meirsmak, for også i år får ungdomar sjansen til å vere med på kjekke konkurransar med leik og energi i fokus.
Leik og samarbeid
- Energikampen handlar om artige leikar, der ein skal samarbeide som lag i ulike aktivitetar. Stikkordet er godt lagspel, og det er om å gjere å kome raskast mogeleg gjennom løypa, fortel kommunikasjonsrådgjevar Monica Brandsøy Lystad i Sogn og Fjordane Energi.
Opplegget i år vert mykje det same som i fjor. Borna kan t.d. teste ut ein kjempesprettert der dei skal treffe ein blink, ein stor kulelabyrint der ein må vere tre i godt samarbeid for å kome til mål utan at kula går i holet, eller balansering av ein bordtennisball gjennom ringar ved hjelp av ein hårfønar.
Vinn spennande skuletur
Born som skal begynne i femte-, sjette- eller sjuandeklasse til hausten kan delta som lag, og det kan vere fleire lag per klasse. Vinnarlaget får altså ein gratis skuletur til vitensenteret ViteMeir på Kaupanger, der SFE sponsar reise, inngangsbillett og lunsj for heile skuleklassa.
På vitensenteret har dei spennande utstillingar som også handlar om energi, straum og vitskap. Her er interaktive installasjonar der elevane kan leike og lære om korleis straum vert laga og når fram til folk, eller korleis ein kan førebyggje flaumar. Mange svært aktuelle tema, med andre ord.
Å skape interesse for energi
Monica slår fast at det er kjekt for SFE, som har sin base på Sandane, å vere med på å skape aktivitet under Sandanedagane.
- Det er viktig å spreie kunnskap om og interesse for rein, fornybar energi, ikkje minst med tanke på det grøne skiftet. Å vere godt synlege for dei unge på ein arena som Sandanedagane, håpar vi kan gjere til at skuleelevar kanskje tenkjer på SFE som ein arbeidsplass ein gong i framtida og vel ei utdanning etter det, smiler Monica Brandsøy Lystad.