Linda Eide kjem til Jølster

Koronapandemien har sett kjeppar i hjula for så mangt i år. Det var såleis lenge uvisst om det vart Jazz på Jølst.

Publisert

Men det blir det, om enn i ei litt redusert utgåve. Gjeldande smittevernreglar tilseier 200 menneske og ein meters avstand på kulturarrangement. Kva som blir reglane i oktober, er uvisst.

Linda Eide.

Store namn

Sjølv om årets jazzfestival blir litt redusert, har arrangørane fått på plass eit skikkeleg stjernelag når det gjeld artistar. Dette er namn som bør trekkje fulle hus heile helga.

Det mest kjende namnet for folk flest er nok Linda Eide, som kjem med programmet «Melodi Grand Jazz», eit skråblikk på jazzen i kjend Linda Eide-stil.

Eide burde vere kjend for dei fleste gjennom TV-program som «Norske attraksjonar» og «Eides språksjov». På sistnemnde har ho med seg musikaren Sjur Hjeltnes, og han er også med på «Melodi Grand Jazz».

Dette programmet dukka første gong opp på Vossajazz i 2016 og var med der også i 2018. Sildajazz i Haugesund hadde konserten både i fjor og i år. No er det altså Jølster sin tur, noko leiar i Jølster Jazzklubb, Hilde Hegrenes, er veldig glad for.

– Vi har hatt Linda Eide på blokka i fleire år, men når ho først var ledig, var det usikkert om vi kunne arrangere. Men no kjem ho og det set vi stor pris på.

Skråblikk på jazz

Linda Eide er kjend for sine treffande replikkar og refleksjonar om både det eine og det andre. Denne gongen handlar det om det populære, og utskjelte, Melodi Grand Prix.

– Kva har Monica Zetterlund og Radka Toneff til felles med Kirsti Sparboe og Kikki Danielsson? Og var det jazzen si skuld at Noreg stod for Grand Prix-historias største juks og bedrag? Og kva gjorde Jan Garbarek inni ei gassmaske i beste sendetid? Dette er nokre av spørsmåla Linda Eide stiller, og som ho ganske sikkert har svar på.

Gjennom dette programmet skal Linda, ifølgje førehandsomtalen, lære jazzfolket å elske Melodi Grand Prix, eller i alle fall å hate det mindre.

– Den utskjelte og elska melodikonkurransen har nemleg teke jazzen meir på alvor enn mange er klar over, er påstanden til Linda Eide.

– Folk har allereie byrja å kjøpe billettar til denne konserten, så her trur eg det løner seg å kjøpe på førehand, seier Hilde Hegrenes som reknar med fullt hus laurdagskvelden på hotellet.

Jazzlegende

Opningskonserten i år, blir med bassisten Arild Andersen som kjem til Jølster med eit stjernelag av musikarar. Det er 30 år sidan Andersen kom med plata «Sagn», som var eit tingingsverk til Vossajazz i 1990 og der han mellom andre hadde med seg den kjende folkemusikaren Kirsten Bråten Berg og ei rad store jazznamn.

Konserten på Skei fredagskvelden blir ein slags reunion-konsert der stoffet frå «Sagn» blir plukka fram att. Med seg til Skei har Arild Andersen Kirsten Bråten Berg, i tillegg til to andre, kjende namn.

Gitaristen Frode Alnæs kjenner dei fleste som frontfigur i Rock-/pop-gruppa «Dance With a Stranger». Eit anna kjent namn er saksofonisten og songaren Bendik Hofstad. Hofstad hadde eigen konsert under Jazz på Jølst for tre år sidan og er ein artist i internasjonal toppklasse med ei rekkje album bak seg, i tillegg til å ha medverka på eit hundretals album i lag med norske og internasjonale artistar.

– Det er ikkje kvart år vi kan tilby noko slikt, og vi hadde truleg ikkje fått det til utan samarbeid med Førdefestivalen, seier Hilde Hegrenes som er stolt over å kunne presentere dette stjernegalleriet under årets festival.

Bendik Hofstad er eit internasjonalt namn når det gjeld saksofon. Han vart svært godt motteken då han i 2017 sto for opningskonserten under Jazz på Jølst.

Kan bli meir

Så langt er det planlagt tre konsertar. Det blir nemleg to konsertar fredag, som normalt.

Etter opningskonserten med Arild Andersen, blir det ein annan bassist som entrar scena, nemleg bassisten og komponisten Jon Skaansar. Han har med seg eit band som, inkludert han sjølv, tel sju medlemer. Mellom dei finn vi vokalisten Ine Hoem, dotter til forfattaren Edvard Hoem. Ho har musikalsk operert både innan for pop og jazz. I bandet til Jo Skaansar tolkar ho musikken hans som ligg i skjeringspunktet mellom folkemusikk, jazz og vise. Med i banden er også Hayden Powel på trompet. Han er også eit kjent namn som har vore på festivalen tidlegare. Bandet til Skaansar vil også ta seg av barnejazzen laurdag føremiddag.

– Blir det meir?

– Ja, vi arbeider med å få til ein konsert til på laurdagen og så reknar vi med at vi får på plass eit band frå Firda vgs til å ta seg av gratiskonserten laurdag, fortel Hilde Hegrenes som i år har droppa tjuvstartkonserten som har vore på torsdag siste åra.

– Det har å gjere med at at lokala vi har brukt til konserten har vore relativt små. Med dei smittevernreglane som gjeld, blir det vanskeleg å få til noko der, avsluttar Hilde som er glad for at det blir festival, noko som lenge var usikkert:

– Når vi endeleg bestemte oss for å arrangere, så var det veldig kjekt å kunne gå ut og fortelje det.

Powered by Labrador CMS