Sjekk den trolske stemninga inst i Hyefjorden fredag kveld, med Straumsholmen t.v. og Brødrene Aa t.h.. Flott himmel, sterk nordavind, men fin temperatur i Hyen i kveld, melder fotografen, Sigrid Rygg Storsletten.

Sjekk lesarane sine fine sommarstemningar

Publisert Sist oppdatert

Vi har hatt nokre flotte sommardagar og mange fine stemningar, som lesarane våre både er flinke til å forevige og som dei gjerne deler med andre. Her er eit lite knippe med sommarminne vi har fått siste dagane.

Det er berre å sende inn fleire bilete frå det naturparadiset vi har kring oss! Send dei på e-post til redaksjon@firdatidend.no, eller som MMS til tlf. 970 76 670. 

Frå Sandneset. Foto: Kirsti Hervik.
Ryggjastøylen med Traudalsnibba i bakgrunnen. Foto: Kirsti Hervik.
Traudalen. Foto: Kirsti Hervik.
God utsikt mot Gloppefjorden. Foto: Tordis Sande.
Fin utsikt mot Hyeneshesten. Foto: Tordis Sande.
Skjerdalsbotnen. Foto: Jakob Leiv Kroken.
Utsikt frå dagsturhytta Fjellro på Skei. Foto: Eva Fitje Holme.
Ravnestadstøylen. Foto: Eva Fitje Holme.
- Fint å vere ved nibbehytta, skriv fotograf Tordis Sande. Og for dei som ikkje veit det: nibbehytta ligg på Traudalsnibba på Sørstranda.
Sondre Ravnestad Paulseth hoppar frå Postbryggja på Rygg. Foto: Sonja Ravnestad.
Sondre Ravnestad Paulseth hoppar frå Postbryggja på Rygg. Foto: Sonja Ravnestad.
Uvanleg sky dukka opp over Gjegnalunden. Foto: Sigrid Rygg Storsletten.
Flott utsikt frå Nautefjellet. Foto: Tordis Sande.
Solnedgang over nyslått stølskvie på Eikenesstøylen. Foto: Bjørn Kåre Eikenes.
Her er det ei fantastisk kveldsstemning på Gloppefjorden, slik Svein Hjelmeset har fanga den opp frå Kreklingen i Åsen.
Det er fint ved Skilbreivatnet i Hyen, skriv Marie Gjengedal. Og det er det ingen tvil om.


Her er ei flott kveldsstemning til frå Sigrid Rygg Storsletten og Hyen, frå fjæra i Vågen.
Powered by Labrador CMS