Internettsensasjonen med den rå stemma kjem til Sandane
Fjordblues har sikra seg ei aldri så lita perle når dama med den store stemma, Courtney Hadwin, kjem til Fjordblues 16. oktober.
Om du nokosinne har sveipa innom Youtube, er sjansen stor for at du har sett henne. Om du har ein tenåring heime, er det nærast umogleg å ha gått glipp av klippet frå 2018 av Courtney Hadwin sin audition i det amerikanske TV-showet America's Got Talent.
Milionar av visningar
Augeblikket då den søte, men nesten smertefullt sjenerte jenta på 13 år opnar munnen og eit beist av ei soul- og rockestemme kjem ut, har per i dag 310 millionar avspelingar på nettet.
Berre sekund etter at ho hadde sunge siste strofe av Otis Redding sin «Hard to Handle», regna det gull og glitter over henne då dommar Howie Mandel trykte på den gylne knappen. Det sikra henne direktebillett til kvartfinalen i programmet.
Ho enda til slutt opp på ein 6.-plass, men signerte med plateselskapet til dommar Simon Cowell, og vart lova ein rask veg til toppen. Men Courtney og familien hennar fann etter kvart ut at ho ville styre den musikalske retninga sjølv, og i dag er ho ein sjølvstendig artist som skriv sine eigne låtar og la ut på sin første klubbturné i februar.
I oktober startar ho andre del av turnéen «Little Miss Jagged Tour», der nokre av datoane allereie er utselde. Første og einaste sjansen ein får til å høyre dette fyrverkeriet av ein vokalist utanom Storbritannia i år, blir altså under Fjordblues, på Gloppen Hotell fredag 16. oktober.
– Sensasjon
– Det er ein aldri så liten sensasjon, dette her, seier ein synleg stolt festivalsjef, Hans Andenæs.
Saman med bookingansvarleg Leif Egil Verpeide har dei hatt Hadwin på radaren lenge.
– Vi diskuterte fram og tilbake om vi ein gong skulle gidde å prøve å få tak i henne, for dama har millionar av følgjarar på nettet, seier han.
Nærare bestemt 5,5 millionar følgjarar klokkar ho inn på, på tvers av dei sosiale plattformene.
– Ho er ikkje ein rein bluesartist, men det er blueselement i musikken hennar, og nokre av låtane er òg blueslåtar. Så ho er nok ei blanding av rock, soul og pop, og stemma hennar er berre heilt rå, seier Andenæs og fortel at dei etter eit styremøte vart einige om at dei berre måtte prøve.
Brei appell
Etter nokre veker med forhandlingar løyste det seg, og bookingsjefen klarte å lande ein avtale.
At Hadwin i tillegg kan dra ned snittalderen hos Fjordblues-publikummet, er med i berekninga.
– Å klare å få aldersgruppa 18-30 innom dørene er vanskeleg, og Courtney er ein artist som vi absolutt reknar med kan fenge eit yngre publikum. Men når det er sagt, sin unge alder til trass, trur eg ho kan appellere til eit vakse publikum òg, seier Verpeide.
Fin miks
Resten av plakaten til årets festival inneheld ifølgje dei to blues-entusiastane noko for ein kvar smak.
– Vi har eit prinsipp når vi bookar, at vi skal ha ein miks av internasjonale artistar, vi skal ha kjende nasjonale artistar, vi skal helst ha nokre regionale artistar, og så skal vi til sist ha lokale artistar, og det føler eg at vi har klart å levere på i år, seier Andenæs.
Sistnemnde kategori er dekka med Firda vgs-bandet "Dei Mållause", som får æra av opne festivalen, med konsert på Lauget torsdag kveld.
Laurdag kjem gitarikonet Warner E. Hodges til Toppfoss-salen på hotellet, og med seg har han eit stjernelag av musikarar, som han kallar International Allstars, og gjestevokalist Stacie Collins.
– Ho har vore på Fjordblues ein gong før, den opptredenen trur eg det er mange som hugsar. Dama har eit energisk nærvær på scena, og den gongen drog ho med seg munnspelet opp på borda, det var ein fantastisk konsert. No er ho blitt ei vaksen dame, så vi får sjå om ho klarer å halde energinivået oppe, smiler Verpeide.
Dei resterande artistane som blir å sjå på Sandane denne helga er Kid Andersen Band (USA/Noreg), Ward Hayden & the Outliers (USA), Spoonful of Blues (Noreg), Anita Nordheim Blues 'n Groove Company (Noreg), Krom (Noreg) og Bærum Bluesband (Noreg).